Hordaland fylkesutval er skeptisk til byggjehøgdene på det planlagde prosjektet i Jonsvollkvartalet i Bergen, men er elles positiv til planane. Fylkesutvalet ber Bergen kommune gå i dialog med utbyggjar slik at utbyggingsplanen vert i tråd med kommunedelp
Vedtaket i fylkesutvalet vart gjort med åtte røyster (H, Frp og KrF) mot sju røyster (A, RV, SV, V og Sp).
Det er dei føreslegne byggjehøgdene på inntil 50 meter som skil seg vesentleg frå føresetnadene i overordna planar. Utbyggingsplanen er i røynda eit framlegg til vesentleg reguleringsendring og må difor handsamast som eit framlegg til ny reguleringsplan, heiter det i fylkesrådmann si saksutgreiing.
Vedtaket lyder:
1 Fylkesutvalet ser positivt på utvikling av Jonsvollkvartalet. Fylkesutvalet meiner også det kan bli positivt for området at Jonsvollkvartalet får eit opnare preg med ein passasje gjennom.
2 Fylkesutvalet er skeptisk til oppgjeven byggjehøgde og ber Bergen kommune gå i dialog med utbyggjar slik at utbyggingsplanen vert meir i tråd medkommunedelplanen.
Mindretalet røysta for å fremje motsegn mot byggjehøgdene.

Stanley Hauge