Ny kartteneste for Hordaland

Den nye digitale karttenesta til Hordaland fylkeskommune er tilgjengeleg for alle på internett. Karta dekkjer heile fylket og inneheld grunnkart, samt kart for kultur, kyst og havbruk. Fylkesmannen, Kystverket, Fiskeridirektoratet, Direktoratet for Naturf

GIS-koordinator i Hordaland fylkeskommune, Arne Klingsheim (t.h.), demonstrerer dei digitale karta for ein svært interessert moderniseringsminister Morten Andreas Meyer.

Det er to typar kart som blir lansert i denne omgangen. Det eine er kart for kyst og havbruk, det andre er kultur.

For å gå direkte til kartløysinga brukar du denne lenkja:
http://kart.ivest.no

For meir informasjon og brukarrettleiing brukar du denne lenkja:
http://www.hordaland.no/ikt/kart.htm

Kyst og havbruk
Kart for kyst og havbruk er eit resultat av samarbeid med prosjektet Havbruksanalyse som har fokus på problemstillingar knytt til lokalisering av akvakulturverksemd. Det spring ut frå eit ønskje frå planleggjarar og næringsaktørar i kystsona om å få lett tilgang på kartdata. Dette kom fram mellom anna i prosjektet KYSTRÅD som tok for seg havbruk og kystsoneplanlegging. Fylkeskommunen og statlege regionale organ har vidare eit behov for å formidle oppdatert informasjon om regionale arealinteresser som eit ledd i arbeidet med innspel til kommunale planar.

Kultur
Karttypen kultur spring ut frå forvaltningsansvaret fylkeskommunen har for kulturminne. Gjennom fylkesplanen er det sett av midlar til gjennomgang av kulturminna i fylket. Det er svært viktig for fylkeskommunen å formidle resultata frå denne kartlegginga til planleggjarar i kommunane og til utbyggjarar. I tillegg har verktøyet verdi som kommunikasjonskanal, med ønskje om å knyte til både tekst og bilete av fornminna. I tillegg vil du finne kart der alle arkiv, bibliotek og museum har fått ein geografisk inngang med direkte lenkje til deira eiga heimeside.

Vidareutvikling
Karttenestene skal vere i stadig utvikling. Hordaland fylkeskommune skal betre karta og lage nye tenester fortløpande slik at systemet kan bli ein nyttig formidlingskanal i mange høve. Systemet gjer sakshandsaminga meir open og tilgjengeleg for innbyggjarane sidan ein no kan sjå kva interesser som føreligg.
Fylkeskommunen ønskjer å utvikle tenestene vidare i lag med partnarar, for å auke publikumsinformasjonen.
Innspel og gode idear er velkomne. Har du innspel må du gjerne nytte tilbakemeldingsknappen i kartløysinga eller sende ein e-post til kart@post.hfk.no.

For å gå direkte til kartløysinga brukar du denne lenkja:
http://kart.ivest.no

For meir informasjon og brukarrettleiing brukar du denne lenkja:
http://www.hordaland.no/ikt/kart.htm

Her vil du finne meir informasjon om korleis løysinga verkar, og korleis du finn brukarrettleiinga.

Kontaktpersonar:
GIS-koordinator Arne Klingsheim, Hordaland fylkeskommune, telefon 55 23 92 85
For meir informasjon om kulturkart og kulturminnar, ta kontakt med arkeolog Jostein Aksdal, Hordaland fylkeskommune, telefon 55 23 99 70
For meir informasjon om kart for kyst og havbruk, ta kontakt med prosjektleiar Siri Hanson, tlf 55 23 92 86.
Fleire opplysingar om kyst og havbruk

Bjarte Brask Eriksen 03.03.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart