Fylkestinget peikar på at Hordalandskysten er ei travel og stor transportåre for frakt av olje- og gass på skip. Hordaland fylkesting vil understreka at det er svært viktig at det vert sett i verk tiltak som gjer ulukkesrisikoen lågast mogleg. Det må sikrast at me har eit forsvarleg oljevern med plassering, utstyr og kapasitet til å reagera raskt når uhell skjer.
Fråsegna lyder:
«Nestenulukkene eit viktig varsku for betre oljevern og sjøtryggleik
Havariet til «Fjord Champion» utanfor Sørlandskysten 3. mars 2005 er ei ny kraftig påminning om kor viktig det er at tryggleiken og beredskapen i kystområda er god nok. Denne gongen var det truleg godvêret som hindra alvorleg oljeureining på Sørlandskysten og langt nordover langs Vestlandet. Dei mange nestenulukkene dei siste åra har gjort at me på Vestlandet har stort fokus på beredskapstenesta langs kysten.
I Stortingsmeldinga «På den sikre siden – sjøsikkerhet og oljevernberedskap» vert det sagt at fram mot 2015 vil det verta ein generell auke i miljørisikoen langs det meste av kysten på Vestlandet. Risikovurderingar for 2015 fortel at av dei fem kyststrekningane som vert rekna som høgrisikoområde, ligg tre på Vestlandet. Eitt av dei er området Øygarden-Fedje-Mongstad-Ytre Sogn.
I havområdet frå Utvær fyr på nordsida av Sognefjorden til Øygarden har det sidan 1982 vore tolv ulukker eller nestenulukker. Tre av ni ulukker i dette området sidan 1989 har vore med gass- og tankskip.
Rocknes-forliset i Vatlestraumen for vel eitt år sidan har vist kor store konsekvensane og kor vanskeleg og kostbar oppryddinga etter ei ulukke kan vera. Oppryddinga kom på over 100 mill. kr, og det etter eit utslepp som «berre» var på 500 tonn bunkersolje.
Berre marginar har skild enkelte nestenulukker frå å få langt alvorlegare konsekvensar.
Hordalandskysten er ei travel og stor transportåre for frakt av olje- og gass på skip. Hordaland fylkesting vil understreka at det er svært viktig at det vert sett i verk tiltak som gjer ulukkesrisikoen lågast mogleg. Det må sikrast at me har eit forsvarleg oljevern med plassering, utstyr og kapasitet til å reagera raskt når uhell skjer.»
Stanley Hauge