Kunst- og kultursenter
Hordaland fylkeskommune har peika ut Hardanger som tusenårsstad i Hordaland og har vedteke å bygga eit kunst- og kultursenter i tilknyting til Ingebrigt Vik Museum i Øystese i Kvam herad.
Med Tusenårsstaden vert det opna ei ny scene for kunst- og kulturlivet i landsdelen vår. I Hordaland har vi til no ikkje hatt eit hus av dette formatet for kunst, utanom i Bergen.
Med valet av Hardanger som tusenårsstad, har vi fått ein eineståande sjanse til å ta imot og formidla musikk, kunst og kulturimpulsar på høgt kvalitativt nivå til alle. Og med dette kunstbygget i Øystese får Hordaland eit senter som vil vera av varig verdi, – langt ut over 2005.
Om føremålet med Tusenårsstaden heiter det:
“Det konkrete uttrykket for HARDANGER som Tusenårsstaden i Hordaland skal manifesterast i eit kunst- og kultursenter i Øystese, som med bakgrunn i fortida skal spegla samtida og vera ein møteplass for alle. Tusenårsstaden skal vera eit senter der kunst- og kulturytringar vert formidla på eit profesjonelt nivå, og der kunsten kan fungera som ein dialog mellom Noreg og verda ute.”
Spenningsfelt
Senteret skal arbeida i spenningsfeltet mellom tradisjon og samtid og arbeida i nært samarbeid med kunstmuseum, festivalar og andre kulturinstitusjonar regionalt, nasjonalt og internasjonalt. I arbeidet med å reisa bygget i Øystese har fylkeskommunen fått rause tilskot og god hjelp frå Kvam herad, forutan statlege investeringsmidlar.
Engelske reiseskildringar
Knut Markhus er fødd i 1969 og er oppvoksen i Norheimsund. Han er no busett i Øystese.
Hovudoppgåva i historie frå Universitetet i Bergen handla om engelske reiseskildringar frå Hardanger. Dette arbeidet blei nokre år seinare ei hovudkjelde for boka Ein Edens hage. Utlendingar opplever Hordaland utgjeve på Samlaget. Til saman har han skrive fire bøker. Dei to første var lokalhistoriske frå Kvam: Attersyn og Steinesoga. Så følgde Ein Edens hage, og sist den halvt skjønnlitterære Trebåt! Reiseskildring frå ein landkrabbe. Dei to siste kom til då Markhus budde i England (1998-2001).
”Det store spranget”
Markhus har ei mangslungen arbeidserfaring. Han har undervist både i grunnskulen og på vidaregåande nivå, og har jobba som journalist. Han har vore songar på Den Nationale Scene, og held jamt på med musikk og teater. Han tok til som formidlingsleiar og prosjektleiar ved Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i 1997, og arbeida m. a. med utstillinga "Det store spranget", om Odda sin overgang frå bondesamfunn og turistidyll til industristad.
Markhus var og prosjektleiar for utstillinga om Norzink og utstillinga "Foss". Markhus har blant vore medforfattar for musikkspelet "Fossegrimen". I 2004 starta han Galleri Trallala i Norheimsund. Han har også gallerierfaring frå Risør Kunstforening.

Ronny Skaar