Hordalandskokker skal lære tørrfisk i Italia

- Vi ser fram til å lære meir om tørrfisk, seier tre lærlingar i kokkefaget som i 10 veker skal lære å lage smakfulle rettar av det tradisjonelle norske produktet på restaurantar i Italia. Dette er starten på den store, internasjonale tørrfiskfestivalen s

Christopher Haatuft (f.v.), Linn Skjoldal, Ketil Natvik og Dag Robert Sørås arbeider for å gjere tørrfisk meir kjend.

På restaurant i Genova
Kokkelærlingane Linn Skjoldal, Dag Robert Sørås og Christopher Haatuft har fått stipend for å lære meir om tørrfisk.
- Eg har aldri vore i Italia før. Dette blir spennande. Eg veit ikkje så mykje om tørrfisk, men eg skal arbeide på ein restaurant i forstaden til Genova i Nord-Italia. Dei driv og hotell og yacht-club som eg skal arbeide på, seier Linn Skjoldal. Italia har over 1000 ulike rettar av tørrfisk. Når Skjoldal er vel heime, kan du smake på nokre av dei på Bryggen Tracteursted. Og 15. juli er ho ferdig utdanna kokk.

Leonardo-stipend
Dag Robert Sørås skal tilbake til Enhjørningen på Bryggen, mens Christopher Haatuft er på restauranten På Høyden.
Alle tre har fått stipend gjennom Hordaland fylkeskommune, såkalla Leonardo-stipend, som EU gir til mellom anna utplassering av lærlingar.
Tørrfisk har vore ein internasjonal råvare etter at den italienske kapteinen Pietro Querini forliste i 1431 og vart redda av folket på Røst. Han vart oppglødd over den gode smaken og tok tørrfisk med seg attende til Italia. Dette var starten på tørrfiskeksporten.

Stor delegasjon frå Italia
10.-12. juni 2005 (under Torgdagen) går den store internasjonale tørrfiskfestivalen Stoccafisso (tørrfisk på italiensk) av stabelen i Bergen. Festivalen blir ein av hovudmarkeringane i samband med 100 årsmarkeringa for frigjeringa av Noreg. Ein stor delegasjon frå Italia kjem til festivalen.
Årleg eksporterer Noreg nærmare 5000 tonn tørrfisk av svært høg kvalitet. Av dette går det meste, 3000 tonn til Italia. Men eksporten har minka drastisk. I toppåret 1959 eksporterte Noreg heile 40.000 tonn tørrfisk.

Fremje næringsutvikling
”Stoccafisso 2005” er i hovudsak ein festival som har til mål å fremje næringsutvikling innan tørrfisknæringa og reiselivet, - og å auke innsikta i den kulturhistoriske rolle som tørrfisken har, både i Noreg og utlandet. Festivalen er forankra i Hordaland fylkeskommune i nært samarbeid med Bergen kommune. Andre samarbeidspartnarar er Nordland fylkeskommune, Finnmark fylkeskommune, Røst kommune, Hasvik kommune, Tørrfiskforum, Innovasjon Norge, Eksportutvalet for fisk, Bergen Næringsråd, RBL, NHO, Stiftelsen Bryggen og ”Torgdagen i Bergen”. Sist, men ikkje minst, er fylket Liguria i Italia, med byen Genova i spissen, med på gje festivalen eit internasjonalt preg.

Les meir om den venetianske adelsmannen Pietro Querini som forliste i Nordsjøen i 1431 og som sytte for at tørrfisk vart ein stor eksportvare frå Noreg

Bjarte Brask Eriksen

08.03.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart