Funksjonshemma som kjøper billett til kultur- og idrettsarrangement som får tilskot frå Hordaland fylkeskommune, skal ha rett til gratis billett til følgjet sitt.
Kultur- og ressursutvalet har samrøystes vedteke at dette skal vera eit vilkår for å motta stønad frå fylkeskommunen . Utvalet krev at tilskotsmottakarane skal akseptera ordninga med følgjekort (”ledsagerbevis”) for funksjonshemma.
Følgjekort for funksjonshemma, ”ledsagerbevis”, er ei ordning som skal gje funksjonshemma sitt følgje / hjelpar gratis tilgjenge når dei tek del i kulturarrangement.
Ordninga med følgjekort er tenkt å vera eit verkemiddel for å førebyggja isolasjon og dermed medverka til auka livskvalitet for den funksjonshemma. Ordninga med følgjekort vil omfatta personar som har ei funksjonshemming som vil vara minst 2-3 år. Ordninga vert vedteken og administrert av bustadkommunen, men er gyldig for heile landet på dei stadene som aksepterer ordninga.
Det er fylkesrådet for funksjonshemma som har teke opp att saka om følgjekort for funksjonshemma, då ein har inntrykk av at institusjonar ikkje følgjer opp ordninga.
Eli Lothe
Sida er endra 24.06.2010