Gledeleg at god og stram økonomistyring gjev resultat

- Etter mange år med underskot i protokollen, er det gledeleg å sjå at god og stram økonomistyring gjev resultat. I 2004-rekneskapen har vi og lukkast å dekkje inn underskotet frå 2002, og det har vore mogleg å setje av skoleoverskota på disposisjonsfond,

Honnør for god økonomistyring
Fylkesrådmannen sa at inndekkinga av 2002-underskotet gjer at Hordaland fylkeskommune vil kome ut av kontrollista til departementets etter at fylkestinget har godkjent rekneskapen i juni.
- Departementet føretek gjennomgang av aktuelle ”listekandidatar” straks godkjend rekneskap er oversend. Samla sett viser rekneskapen for dei ulike sektorane godt samsvar med budsjettet. Eg vil difor gje honnør for god økonomistyring til dei mange som kvar på sin kant yt sin del for at vi har fått eit godt resultat.

Avgjerande å unngå nye underskot
Men fylkesrådmannen undertrekte at det var ingen grunn til å sleppe taket på den gode økonomistyringa.
- Stram og god økonomistyring i 2004 har vist resultat. Det er difor viktig å halde fast ved denne linja, også i 2005, sjølv om dei tyngste taka med underskotsdekkinga er tatt. Vi kjenner betre enn dei fleste kor tungt det er å kome ut av ein underskotssituasjon. Det er difor avgjerande viktig å unngå nye underskot, noko eg trur vi har god sjanse til å klare om det gode arbeidet frå 2004 blir vidareført, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen mellom anna i talen sin til fylkestinget på Bergen Kongress Senter.

Les heile talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen under fylkestinget i Bergen

Bjarte Brask Eriksen

09.03.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart