Fylkestinget tilrår nye Bergensbommar

Fylkestinget i Hordaland rår til at det vert sett opp nye bomstasjonar i Bergen i tråd med bystyret sitt vedtak frå 7. februar 2005. Fylkestinget handsama saka 9. mars.


Fylkestinget gjorde slikt vedtak:
«1. For å nå målet om bompengeinntekter i Bergensprogrammet tilrår fylkestinget, i tråd med vedtak i Bergen Bystyre 07.02.05 at det vert etablert nye betalingssnitt med tre stasjonar i sør, slik at betalinga kan fordelast på fleire trafikkantar. Desse stasjonane vert plassert slik:
– Fjøsangerveien nord for nytt planfritt kryss.
– Sør for kryss Storetveitvegen/Fantoftvegen.
– Nattlandsveien nord for Birkelundsbakken ved Hydro/Texacostasjonen/Mannsverk
(Vedteke mot 15 røyster (Frp, RV).)

2. For å handtera uheldige køyremønster, vert følgjande tiltak gjort:
Det vert etablert eit nytt betalingssnitt med ein bomstasjon i kvar retning i Michael Krohnsgate/Damsgårdsveien for å dirigera trafikken gjennom Nygårdshøydetunnelen og redusera omkøyring over Melkeplassen. (Vedteke mot 13 røyster (Frp).)

3. Det vert søkt om å oppretta 5 nye bomstasjonar som nemnt over. (Vedteke mot 15 røyster (Frp, RV).)

4. For å nå inntektsmålet utan prisauke, legg fylkestinget til grunn at øvre rabattsats vert endra frå 50% til 40% samt at det vert innkravd bompengar heile veka. (Vedteke mot 15 røyster (Frp, RV).)

5. For å forsere og fullfinansiere den parallelle utbygginga av 1.byggetrinn av Ringveg Vest og bybana, samt Skansenstunnelen, tilrår fylkestinget at Bergen bomselskap A/S kan ta opp lån innanfor ei ramme på 1300 mill.kr og at bompengeperioden vert forlenga til 2015. (Vedteke mot 21 røyster (Frp, SV, RV).)

6. Fylkestinget vil endeleg fastsette rammene for statlege riksvegmidlar i Bergensprogrammet for perioden 2006-2015 i samband med handsaminga av handlingsprogrammet til Nasjonal transportplan 2006-2015. (Vedteke mot 15 røyster (Frp, RV).)

7. Fylkestinget legg til grunn at vidareføring av Bergensprogrammet etter 2015 med 2.byggetrinn av bybana og Ringveg Vest, og må omfatte ei vurdering av dei samla trafikale utfordringane i Bergensområdet. I denne samanheng må og bompengefinansiering av tiltak på stamvegane i Bergen vurderast.» (Vedteke mot 15 røyster (Frp, RV).)

Terje Søviknes (Frp) sette fram slikt forslag til vedtak
«1. Fylkestinget rår frå takstauke og innkreving laurdag/sundag
2. Fylkestinget vil ikkje tilrå at det vert oppretta nye bomstasjoanr rundt Bergen.»
Forslaget fekk FrP sine 13 røyster og fall.

Liv Glasser (SV) sette fram forslag til vedtak:
«Fylkesuttinget ser på bompengeringen kring Bergen som ein ”miljøring” der inntektene skal gå til trafikksikring, auka kollektivsatsing og miljøtiltak.»
Forslaget fekk seks røyster (SV) og fall.

Stanley Hauge

09.03.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart