Fritt skuleval påverkar søkjemønster – gledeleg at mange held på «heimeskulen»

Ved innføringa av fritt skuleval ved inntaket til det komande skuleåret, har elevane fått høve til fritt å søkja plass på kva skule dei vil. Som venta har dette ført til at fleire ynskjer seg plass ved skular sentralt i Bergen. Men hovudtyngda av elevan

Eg har merka meg at det er godt samsvar mellom søkjarane sine ønskje og kursstrukturen ved dei vidaregåande skulane våre. Vi kan såleis slå fast at innføringa av fritt skuleval ikkje vil føra til store omleggingar av tilboda våre, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Av søknadene ser vi at det til hausten er fleire enn før som søkjer allmennfag VKII påbyggingskurs for å skaffa seg studiekompetanse. Dette skuldast m.a. at fleire av dei som har fullført to år i yrkesfag søkjer påbyggingskurs. Like eins søkjer fleire av dei som tok lærlingutdanning og fagbrev på 1990-talet, no om plass for å skaffa seg studiekompetanse for å ta høgare utdanning. Det er positivt at dei unge vil satsa på utdanning, utfordringa for fylkeskommunen vert å skaffa skuleplass også til dei som ikkje kjem inn under ungdomsretten, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Stanley Hauge

17.03.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart