Fredsmeklar Erik Solheim til Vestlandskonferansen

Fredsmeklar Erik Solheim og styreleiar for Raftostiftelsen, Arne Liljedahl Lynngård er to av mange som kjem til Vestlandskonferansen om eit fleirkulturelt samfunn. Konferansen vil samle nærmare 200 deltakarar frå heile landet og blir skipa til for 4. gong

Nærmare opplysingar, program og påmeldingsskjema (pdf-fil)

Konferansen har som mål å skape eit godt og inkluderande samfunn. Dette er konferansen for dei som vil vere med og ta ansvar for at personar med ulik etnisk bakgrunn kan ta del i eit inkluderande samfunn bygd på respekt og likeverd.

Viktige spørsmål
Kunnskap og kompetanse blir sentrale omgrep på konferansen. Kva kompetanse treng vi, kven treng kompetanse, kven kan tilføre kompetansen, og kven har ansvaret for kva? er viktige spørsmål som konferansen skal freiste å svare på.

Hordalandsmodellen
Stortingsmelding 49 (2003-2004) ”Om mangfold gjennom inkludering og deltakelse” som kommunalminister Erna Solberg er ansvarleg for, skal drøftast. I den er Hordalandsmodellen brukt som døme på korleis kompetanseheving av offentleg tilsette kan medverke til eit vellukka fleirkulturelt samfunn. Konferansen stiller spørsmål om kvar vi står no og kvar vi går vidare. Som nybakt minister opna Erna Solberg den første Vestlandskonferansen for tre år sidan. Ho er sterkt ønska til konferansen neste år.

170 deltakarar frå heile landet
Konferansen blir skipa til tysdag 12. og onsdag 13. april på Hotell Norge i Bergen. Dette er fjerde året på rad Hordaland fylkeskommune og samarbeidspartnarane Fylkesmannen i Hordaland, Kommunenes Sentralforbund Hordaland, Bergen kommune, Utlendingsdirektoratet og VOX rettar søkelyset på det fleirkulturelle samfunnet. Kvart år har konferansen samla oppunder 170 deltakarar frå heile landet, og tema som utdanning, oppvekstmiljø, arbeidsmarknadssituasjon og helse har vore drøfta.

Føregangsfylke
Bakgrunn for konferansen er mellom anna Regjeringa sin handlingsplan mot rasisme og diskriminering (2002-2006) og handlingsplanane til Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune for integrering av flyktningar og asylsøkjarar. Hordaland har vore føregangsfylke med å utvikle tiltak for å betre integreringsarbeidet.

Påmeldingsfrist til konferansen er 31. mars

Nærmare opplysingar, program og påmeldingsskjema (pdf-fil)

Invitasjon til konferansen (pdf-fil)

Bjarte Brask Eriksen 03.03.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart