Forvaltningsplan for verdskulturminnet Bryggen

Kultur- og ressursutvalet har samrøystes vedteke å ta Hordaland fylkeskommune sin forvaltningsplan for Bryggen til etterretning.


Bryggen i Bergen er eitt av fem norske kulturminne som står på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarv. Jamleg vert det gjennomført evalueringar av verdskulturminna. For å møte utfordringane i den siste evalueringa av Bryggen, har Kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune, i samarbeid med dei andre forvaltningspartane, arbeidd fram ein forvaltningsplan.

Forvaltningsplanen er eit viktig verkemiddel for å få gjennomført tilrådingane og skal gje overordna rammer for det vidare arbeidet. Den skal ta føre seg dei viktigaste problemstillingane vedrørande sikring, istandsetting, vedlikehald og formidling og inneheld retningslinjer om nødvendige tiltak og ansvarsforhold. Dette vil vere ein viktig reiskap for alle som er involverte arbeidet med å verne, bevare og formidle verdiane i dette unike kulturminnet.

I saksutgreiinga heiter det at Hordaland fylkeskommune ser at det ligg eit stort potensial til regionalt samarbeid innan kulturminnevernet. Fylkeskommunen er framleis knytt til forvaltninga av verdskulturminnet gjennom å ha prosjektleiaransvaret for Prosjekt Bryggen, eit langsiktig istandsetjingsprogram for kulturminnet finansiert over statsbudsjettet.

Meir om forvaltningsplanen for verdskulturminnet Bryggen

Eli Lothe

07.03.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart