Fleire vil ha plass i Bergen sentrum, men god søknad til «næraste skule»

Totalt er det 17 788 søknader om plass ved dei vidaregåande skulane i Hordaland for skuleåret 2005-06. Dette er ein auke på 501 frå i fjor, og av denne auken utgjer 330 søkjarar med ungdomsrett.


Tabell med oversikt over søkjarar til vidaregåande skular i Hordaland ut frå søkt studieretning fordelt på alle søkjargrupper og dei med ungdomsrett

Førebels analyse av den nye inntaksmodellen med fritt skuleval, som er sett i verk i år, viser:
– søknaden til grunnkurs viser at fleire søkjer plass ved Bergen katedralskole og Bergen handelsgymnasium i allmennfag og ved Årstad videregående skole i yrkesfag
– søkjarar som går grunnkurs i år søkjer i stor grad vidaregåande kurs ved skulen dei alt går på, dersom skulen tilbyr kurset
– søkjarar til allmennfag vidaregåande II påbyggingskurs(etter to år på yrkesfaglege studieretningar) søkjer seg i større grad til Bergensskular og til Voss og Stord. Fleire søkjer påbyggingskurs og det ser ikkje ut til at klassar må leggjast ned fordi ein søkjer seg vekk frå næraste skule.

Førebels analyse av den nye inntaksmodellen:
For heile fylket og ved nesten alle skular går det ein raud tråd gjennom søkjartala: Elevane frå grunnkurs søkjer i stor grad same skule i vidaregåande kurs dersom skulen tilbyr kurset. Dette er særleg klårt innafor VKI allmenne fag, men likevel med eit lite unntak for søknaden til Bergen katedralskole og Bergens handelsgymansium.
Dersom elevane må skifte skule, ofte mot VKII allmennfagleg påbyggingskurs, er tendensen auka søknad til skolane i Bergen sentrum og Bergen generelt.

1. Søkjarar frå Bergensregionen
Det er stor søknad til Bergen katedralskole og Bergen handelsgymnasium. Til dei andre skulane med allmennfagleg studieretning, grunnkurs, i Bergen sentrum er talet på primærsøkjarar vesentleg mindre. Men mange som har Katedralskolen/BHG som 1. og 2. skuleønskje, har dei andre sentrumsskulane som dei neste ønskja. Dette vil truleg føre til at dei fire sentrumsskulane vil få høgare nedre poenggrense enn bydelsskulane, og med Katedralskolen/BHG med ei vesentleg høgre poenggrense for inntak.

Totalt sett til grunnkurs allmenne fag er det likevel svært mange som fører opp «sin» skule i bydelen som 1. skuleønskje. Særleg gjeld dette i Fana/Ytrebygda. Søkjarar frå Laksevåg/Sotra og delvis Åsane ser ut til å vere minst «tru» mot bydelsskulen.

Årstad videregående skole, som er den største og einaste yrkesfaglege skulen i det som kan kallast Bergen sentrum, har auka talet på primærsøkjarar frå ca. 900 i 2004 til vel 1300 i år. (Tala gjeld for dei som har ungdomsrett). Det ser likevel ikkje ut til at det blir særlege høgare inntakskrav til denne skulen enn tidlegare, men her må det takast fleire atterhald, m.a. karaktersettinga mellom terminkarakterane (som ligg til grunn for prognoseinntaket no) - og dei endelege standpunktkarakterane.

Bydelsskolane har likevel jamt god søkjing, og mønsteret følgjer elles det som er sagt om allmennfagleg studieretning ovanfor.

2. Søkjarar utanfor Bergensregionen
Når det gjeld grunnkurs og VKI har desse søkjarane stort sett søkt næraste skule i høve til heimeadresse. Nokre frå Kvinnherad har søkt seg mot Stord/Fitjar og nokre frå Hardanger har søkt seg mot Voss. Tala er likevel ikkje særleg større enn dei ein måtte føre tilbake til næraste skule etter den gamle modellen med inntak til næraste skule. Når det gjeld VKII Allmennfagleg påbyggingskurs er det større rørsle i søkjarmassen. Her går søkjinga i større grad mot Stord/Voss, og ikkje minst mot skulane i Bergen. Det er likevel viktig å understreke at det ikkje ser ut til at VKII klassar Allmennfagleg påbyggingskurs må leggjast ned fordi ein søkjer seg vekk frå næraste skule.

3. Søkjarar frå Nordhordland/Osterøy/Sotra og Austevoll.
Same tendens som for resten av fylket utanom Bergensregionen, men fleire søkjarar til grunnkurs søkjer seg inn mot Bergen sentrum. Tala er likevel ikkje store.

501 fleire søkjarar
Totalt er det 17 788 søknader om plass ved dei vidaregåande skulane i Hordaland for skuleåret 2005-06. Dette er ein auke på 501 frå i fjor, og av denne auken utgjer 330 søkjarar med ungdomsrett.

Auken i avgangselevar frå 10. klasse i Hordaland er 586 elevar.

I høve til inntaket i 2004 er det til no oppretta 227 nye elevplassar frå komande haust.

Søkjartala, sjå vedlegg, er ved dei fleste studieretningane stabile samanlikna med inntaket i 2004.

Små endringar
Relativt sett størst nedgang i søkjartalet har studieretningane for Elektrofag og Hotell- og næringsmiddelfag.
Nedgangen i søkjartalet til Elektrofag var venta, fordi det i fleire år har vore vanskeleg å finne læreplassar. Denne informasjonen har ungdomen no tatt til seg.
Nedgangen til Hotell- og næringsmiddelfag var meir overraskande, sjølv om vi såg ein liten tendens til dette i fjor. Kanskje effekten med mange mat- og kokkeprogram på TV ikkje lenger er like spanande for ungdommen?

Søkjartalet til studieretning Allmenne, økonomiske og administrative fag har auka noko. Sjølv om det er ein liten auke til grunnkurset, ser det ut til at den største auken er dei søkjarane som ønskjer VKII Allmennfagleg påbyggingskurs etter at dei er ferdige med to år ved yrkesfaglege studieretningar.

Godt samsvar søknader-kursstruktur
Slik søkjartala etter prognoseinntaket ligg føre ser det ut til å vere godt samsvar mellom søkjarane sine ønskje og kursstukturen ved dei vidaregåande skolane i fylket.

Inntaket klart ca. 12. juli
Søkjarane vil, som vanleg, få svar på søknaden sin ca. 12. juli. Dersom ein har tatt vare på brukar-id og passord som ein nytta ved registrering av søknaden, kan ein frå same dato finne inntaksresultatet på internett. Vi reknar også med at svært mange av søkjarane vil svare på internett om dei tek imot tildelt plass eller ikkje.

Alle elevar med formell rett til vidaregåande opplæring vil før skulestart få tilbod om plass i den vidaregåande skulen i samsvar med Opplæringslova og fylkeskommunen sine eigne retningslinjer for inntak. Pga. at ein del søkjarar, særleg frå Bergensområdet, ikkje har utnytta høvet til å føre opp inntil 6 skular til kvart kursønskje, kan desse elevane måtta plasserast på skule dei ikkje har søkt. Sjansen for desse til å påverke si eiga skuleplassering er dermed redusert.

Klassejusteringar
På bakgrunn av søkjartal til den einskilde skule/kurs vil Opplæringsdirektøren, i samarbeid med rektorane, vurdere behovet for oppretting/omlegging av klassar, og evt. nedlegging av klassar der søkjartalet er svært lågt.

Sikrare prognoseinntak
Prognoseinntaket er i år sikrare med omsyn til kva kurs som må opprettast/nedleggjast enn tidlegare år. Grunnen til dette er at vi har samla inn karakterane frå 1. termin i inneverande skuleår frå elevar i 10.klasse,og frå dei vidaregåande skulane. Deretter har vi gjort eit simulert inntak på grunnlag av dette. Opplæringsdirektøren understrekar at det vil vere dei endelege standpunkt-/eksamenskarakterane som vil gjelde ved det ordinære inntaket.

Tabell med oversikt over søkjarar til vidaregåande skular i Hordaland ut frå søkt studieretning fordelt på alle søkjargrupper og dei med ungdomsrett

Stanley Hauge

17.03.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart