I februar 2005 passerte 249.410 køyretøy over Nordhordlandsbrua, eller 8.908 pr døger. Dette er ein auke på 4,6 % i høve til februar 2004. Tek ein omsyn til at februar i år er 1 dag kortare enn i fjor, er døgntrafikken 8,2 % høgare enn i 2004.
Trafikken over brua har auka med 6,4 % dei to første månadane i år. I desember 2004 auka trafikken med 7,1 %, slik at februar i år er den tredje månaden på rad med stor auke i trafikken.
Samla for januar og februar 2005 passerte 502 269 køyretøy over brua.
I vinterferieveka i februar var trafikktala på «sommarnivå». Fredag før vinterferien passerte 11 288 køyretøy. Og i vinterferieveka var trafikken over 10 000 køyretøy onsdag 23.2. (10 314), torsdag 24.2. (10 367) og torsdag 25.2. (10 650). Det gode vinterveret i denne perioden er truleg forklaringa på dei høge trafikktala.

Stanley Hauge