Saman med våren kjem også bokbåten Epos på besøk til små og større stader langs kysten av Hordaland. Turen startar 30. mars og avsluttast 18. april.
Bokbåtdrifta er eit Vestlandssamarbeid mellom fylkeskommunane i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I Hordaland som i dei andre fylka, er bokbåten eit svært populært bibliotek- og kulturtilbod. Enkelte stader bur det mange, andre stader få, og bokbåten er alltid like velkomen.
Bokbåten har med seg bøker og lydbøker om alt og for alle. I tillegg har den alltid med eit kulturprogram. Kulturprogrammet i Nordhordland denne gongen er skodespelar Gabrielle Barth med ”Historia om Riddar Guigemar”. Barth er født og har vakse opp i Bergen. Ho har ei allsidig teaterutdanning som skodespelar, og teatervitskap frå universitetet. Sidan 1995 har ho arbeidd som skodespelar, dei siste åra med teatergruppa Dukkenikkerne. Historia om Riddar Guigemar er humoristisk og underhaldande. Forteljinga er henta frå ei bok frå 1200-talet.
I Sunnhordland er forfattar Sylvelin Vatle med. Ho bur i Stavanger, men er opprinneleg frå Osterøy. Vatle debuterte i 1991 med romanen "Alle kjenner vel presten?", som ho fekk Tarjei Vesaas debutantpris for. Ho er forfattar av barnebøkene ”Topphemmelig dagbok”, ”Gubben som ville fange jula i ein håv” og ”Tim Brentloffs eventyr”. Det er særleg denne siste boka ho vil fortelje frå på bokbåten. Meir informasjon på forfattaren si eiga heimeside
Kulturprogramma er støtta av Folkeakademiet i Hordaland. Vårens kulturprogram er også eit samarbeid med Den Kulturelle skolesekken i Hordaland.
Elin Golten