Næringsbarometeret
1000 nye stillingar innan varehandel
Sysselsetjinga kjem til å auke i begge fylka det kommande året. Dei næringane i Hordaland som ventar størst prosentvis vekst, er varehandel og bygg og anlegg oljeutvinning, mekanisk industri og forretningsmessig tenesteyting. Det kan koma over 1000 nye stillingar innanfor varehandel.
Det har vore ein nedgang i arbeidsløysa i begge fylka, mest i Sogn og Fjordane. Arbeidsløysa har særleg gått ned i industrien, men auka i offentleg sektor. Den same tendensen ser vi på landsbasis.
Mangel på fagarbeidarar innanfor mekanisk
Delar av næringslivet i regionen rapporterer om problem med å få tak i kvalifisert arbeidskraft. Problema er størst innanfor bygg og anlegg og mekanisk industri, kor fleire av bedriftene har ledige stillingar. Det er vanskar med å få rekruttert tømrarar, sveisarar, elektrikarar og maskinarbeidarar. Samstundes melder Hordaland fylkeskommune at det berre var 17 søkjarar til VK 1 Maskinfag i år.
Veksten i offentleg sektor har stoppa opp
Kommuneundersøkinga for Næringsbarometeret viser at mange kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane ventar strammare økonomi i 2005. Det gir seg utslag i færre tilsette. Særleg undervisning, men òg administrasjon er aktuelle sektorar for budsjettkutt.
Innovasjon - eit satsingsområde
Evna og viljen til nyskaping og til å løyse oppgåver på nye måtar er ein føresetnad for å lukkast på den opne, internasjonale marknaden. Derfor må entreprenørskap ha ein sterk plass i undervisinga, og samarbeidet mellom kunnskapsinstitusjonane og næringslivet må bli tettare:
- Studietilbod i innovasjon og entreprenørskap
- Ungdomsbedrift - ungt entreprenørskap
- Senter for yrkesrettleiing i Hordaland
Næringsbarometeret er eit resultat av eit partnarskap mellom Aetat, Innovasjon Norge, NHO, Sparebanken Vest, Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Med Næringsbarometeret ønskjer dei å etablere eit verktøy for å følgje utviklinga i ulike næringar over tid.
Næringsbarometeret

Ronny Strand