Eg konstaterer med stor skuffing at Samferdselsdepartementet seier at sakene om Hardangerbrua og Jondalstunnelen ikkje vil verta lagde fram for Stortinget i denne sesjonen, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Fylkestinget i Hordaland handsama bompengesøknadene for begge prosjekta 14. desember 2004. Statens vegvesen Region vest sende søknaden for Jondalstunnelen til Vegdirektoratet 6. januar 2005 og søknaden om Hardangerbrua 10. januar 2005.
– Eg er samd i at det er viktig å kvalitetssikra desse store prosjekta. Men med dei tette banda som det er mellom Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet i slike saker, skulle det vore fullt mogleg for departementet å førebu kvalitetssikringa slik at Stortinget kunne få begge sakene til behandling i denne sesjonen, seier fylkesordførar Nyborg. – Kort sagt: Departementet har hatt tilstrekkeleg tid, men har ikkje vore aktive nok til å få sakene fram i tide.
Fylkesordførar Selsvold Nyborg viser til at fylkeskommunen som regional styresmakt, storbyen Bergen og dei berørte kommunane i årevis har arbeidd med å realisera Hardangerbrua. – Sett frå min ståstad er det rimeleg å venta at sentrale styremakter aktivt følgjer opp eit så langvarig og sterkt engasjement som i denne saka, understrekar fylkesordføraren.
Jondalstunnelen er eit stort fylkesvegprosjekt som har brei støtte både lokalt og regionalt, og Stortinget øyremerkte 30 mill. kr av riksvegmidlande til Hordaland til dette prosjektet i statsbudsjettet for 2005. Sjølv om ein har måtta føreta ei justering av finansieringa på grunn av nye trafikkprognosar frå vegstyresmaktene, bør departementet makta å få saka til handsaming i Stortinget i den noverande sesjonen, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Stanley Hauge