Prioriterer Bergensprogrammet, Hardangerbrua og Kyststamvegen

Hardangerbrua, forbetring av Kyststamvegen og Bergensprogrammet står på toppen av prioriteringslista til fylkestinget i Hordaland. Fylkestinget har prioritert den vidare riksvegutbygginga for perioden 2006 til 2015.

Prioriteringa er gjort i handlingsprogrammet til Nasjonal Transportplan (NTP) som fylkestinget handsama på ekstra møte 4. mai.

Fylkestinget understrekar at ramma i handlingsprogrammet ikkje er tilstrekkeleg til å løysa dei samferdselsutfordringene Hordaland har dei neste 10 åra. Dette er ein alvorleg situasjon, som vil påverka framkomst og tryggleik og er såleis alvorleg for konkurranseevna på Vestlandet og gjer det vanskeleg å kome nærare måla i 0-visjonen om at ingen skal miste livet i trafikken.

Fylkestinget peikar på at det ikkje er heldig at luftfarten ikkje lenger er ein del av NTP. Flyplassar og luftfart er ein viktig del av samferdsla på Vestlandet, og bør sjåast i saman med andre samferdsleløysingar.

Fylkestinget føreset at det vert teke omsyn til miljøet i planlegging og gjennomføring av prosjekta, og at det vert innarbeid gode kollektivløysingar som gjer reisemåten til eit godt alternativ for fleire.

Forslag i fylkestinget
I fylkestinget vart det sett fram ei rekkje forslag i høve til innstillinga frå samferdselsutvalet. Dei forslaga som fekk fleirtal er tekne inn i innstillinga til fylkestinget som er referert nedanfor. Punkta 18 og 19 er nye i høve til innstillinga frå samferdselsutvalet.
Torstein Dahle (RV) føreslo ei rådgjevande folkerøysting i Hardanger om Hardangerbrusaka før saka vert sendt til Stortinget. Forslaget fekk berre RV sine to røyster og fall.

Fylkestinget sitt vedtak:
Innleiing
Fylkestinget vil understreke at ramma i handlingsprogrammet ikkje er tilstrekkeleg til å løyse dei samferdselsutfordringene vi ser i fylket de neste ti åra. Dette er ein alvorleg situasjon, som vil påverke framkomst og tryggleik og er såleis alvorleg for konkurranseevna på Vestlandet og gjer det vanskeleg å kome nærare måla i 0-visjonen. (Samrøystes.)

Fylkestinget vil understreke at Hardangerbrua, forbetring av Kyststamvegen og Bergensprogrammet er dei høgast prioriterte samferdselsprosjekta i Hordaland. (47 mot 10 (SV, RV, V) røyster.

Fylkestinget vil og peike på at det ikkje er heldig at luftfarten ikkje lenger er ein del av NTP. Flyplassar og luftfart er ein viktig del av samferdsla på Vestlandet, og bør sjåast i saman med øvrige samferdsleløysingar. (Samrøystes.)

Fylkestinget føreset at det vert teke omsyn til miljøet i planlegging og gjennomføring av prosjekta, og at det vert innarbeid gode kollektivløysingar som gjer reisemåten til eit godt alternativ for fleire. (Samrøystes.)

1. Fylkestinget stiller seg bak vedtaket i Vestlandsrådet, 4.mars 2005, om dei statlege transportetatane sitt forslag til handlingsprogram for Nasjonal transportplan 2006-2015. (Samrøystes.)

2. I samband med gjennomføring av ulike utfordringar og satsingsområde i handlingsprogramma til Nasjonal transportplan 2006-2015 vil fylkestinget særleg understreke behovet for å utforme eit transportsystem som er tilgjengeleg for alle, og legg til grunn at dei statlege transportetatane i gjennomføringa av handlingsprogramma planlegg vegutbygging, fotgjengarovergangar, planovergangar, lyskryss, leskur, terminalar osv. som også er lagt til rette for funksjonshemma. (Samrøystes.)v 3. Fylkestinget viser til sitt tidlegare vedtak om at den fylkesfordelte riksvegramma i perioden 2002-2011 skal fordelast 50/50 mellom tiltak i Bergen og Hordaland elles. For perioden 2012-2015 legg fylkestinget til grunn same fordeling, men tek atterhald om at denne fordelinga må handsamast på nytt dersom dei årlege løyvingane innanfor fylkesfordelt riksvegramme vert reduserte i denne perioden. (Samrøystes.)

4. Fylkestinget er i hovudsak samd i forslaget til regionvegsjefen, men vil peika på fylgjande punkt: a) Fylkestinget legg til grunn at prosjekt som er etterslep frå det siste handlingsprogrammet skal prioriterast løyst før nye prosjekt. (Samrøystes.)
b) Fylkestinget vi setje av inntil 180 mill kr frå ramma til øvrige riksvegar til finansiering av Hardangerbrua. (Vedteke med 47 mot 10 (SV, RV, V) røyster.)
c) Dersom det ikkje vert naudsynt å nytte desse 180 mill kr, føreset Fylkestinget at fullfinansieringa av etterslepsprosjekt, m.a. Rv 57 Åse-Herland og Rv563 Florvåg-Ask blir prioritert først, deretter følgjande prosjekt i uprioritert rekkefylgje:
Rv48 Tunnel bak Tysse
Rv13 Brattlandsdalen
Bømlopakken
Rv565 Radøy(Tolleshaug-Soltveit)
Nordhordlandspakken. Fylkestinget har merka seg Nordhordlandspakken og det viktige arbeidet som kommunane no gjer for å utvikla vegnettet i regionen, og legg til grunn at prosjektet vert innarbeid i Handlingsprogrammet til NTP. Fylkestinget viser til at Nyborgstunnelen (Klauaneset – Nyborg) og realisering av denne er ein svært viktig del av pakken. (Vedteke med 47 mot 10 (SV, RV, V) røyster.)
d) Fylkestinget legg til grunn at det vert sett av statlege planleggingsmidlar for nytt Sotrasamband i første del av perioden, med sikte på å realisere eit bompengeprosjekt så fort som råd. (Vedteke med 34 (Ap, H, KrF, Sp, Pensj.) røyster. SV fremja eige forslag som fekk 8 (SV, RV) røyster. Og Frp fremja eige forslag som fekk 23 (Frp, SV, RV, V) røyster.)
e) Fylkestinget legg til grunn at det vert gjennomført nødvendig planlegging for sikker heilårsveg mellom Vik og Voss, og at det fram mot neste revisjon av Nasjonal transportplan vert presentert ulike finansieringsløysingar for prosjektet. (Samrøystes.)
f) I samband med bygginga av Hardangerbrua går fylkestinget inn for at det på stamvegstrekninga Rv13 Jøsendal-Voss vert prioritert midlar til nødvendige utbetringstiltak på vegen over Buplatået i perioden 2006-2009. (Vedteke med 47 mot 10 (SV, V, RV) røyster.)
g) Fylkestinget vil setje av inntil 20 mill kr til Jondalstunnelen frå ramma for øvrige riksvegmidlar i tillegg til dei 30 mill kr som vart sette av i statsbudsjettet for 2004, slik at føresetnaden om 50 mill kr statlege midlar vert nådd. (Samrøystes.)

5. Fylkestinget er i hovedsak samd i regionsvegsjefen sine prioriteringar av strekningsvise investeringstiltak på det øvrige riksvegnettet, men går ikkje inn for at det vert sett av statlege midlar til prosjektet Rv 564 Mjåtveit i perioden 2010-2015. Fylkestinget legg til grunn at dette prosjektet vert realisert som ein del av dei mindre tiltaka i fase 1 i ei eventuell Nordhordlandspakke eller gjennom forskottering. (Samrøystes.)

6. Det er avgjerande at post 31- rassiking - vert auka i tråd med kravet frå Nasjonal rassikringsgruppe. Fylkestinget ser det som svært positivt at det vert utarbeida prioriteringsnøklar for rassikringsprosjekt. Fylkestinget ser ikkje desse som endeleg utforma, og ein føreset at desse vert utvikla vidare for å sikra best mogeleg grunnlag for prioriteringane. For den særskilte ramma til rassikringstiltak viser fylkestinget til Vestlandsrådet sitt vedtak, 4.mars 2005, og sluttar seg i utgangspunktet til den samla rassikringsplanen for Statens vegvesen Region vest. (Samrøystes.)

7. Fylkestinget ser det som nødvendig at det vert gjennomført ein samla transport- og utbyggingsplan for Bergensområdet, og legg til grunn at det vert sett av statlege planleggingsmidlar til gjennomføring av eit slik planarbeid. Fylkestinget ber om at det vert lagt fram ei eiga sak om oppstart av dette planarbeidet. (Samrøystes.)

8. Fylkestinget stiller seg bak dei prioriteringane som Bergen kommune har gjort for disponering av bompengeinntekter og den delen av den fylkesfordelte riksvegramma som går til tiltak på det øvrige riksvegnettet i Bergen i perioden 2006-2015. (Vedteke med 49 mot 8 (SV, RV) røyster.)

9. Fylkestinget vil peike på at det på fleire ferjestrekningar ikkje er tilstrekkeleg kapasitet og frekvens for å stette krava til riks- og stamvegsamband. Fylkestinget vil understreke at anbod på ferjesamband i Hordaland må nyttast til foreta naudsynt betring i standard på ferjemateriell, opningstid og frekvens, og det må stillast spesifikke krav i anbodsgrunnlaget. (Vedteke med 49 mot 8 (SV, RV) røyster.)

10. Stamvegen E 134 er eit viktig aust – vest samband for Hordaland. Fylkestinget finn det svært uheldig at det ikkje er sett av midlar til nye strekningsvise investeringstiltak på E 134 i Hordaland. Ein syner spesielt til utbetringar for å auka høgda i eksisterande tunnelar til 4,2 meter, eventuelt ny tunnelar Røldal-Haukeli og prosjekt i Etne kommune. (Samrøystes etter fellesforslag frå SV/Frp).)

11. Fylkestinget sluttar seg i hovudsak til Jernbaneverket sitt forslag til prioritering av tiltak på Bergensbana i perioden 2006-2015, men har følgjande merknader.
a) Fylkestinget kan ikkje akseptere forslaget om å utsette oppstart av ny togtunnel gjennom Ulriken sjølv om det vert lågare løyvingar til jernbaneinvesteringar i dei årlege statsbudsjetta. (Samrøystes.)
b) Fylkestinget vil peike på behovet for ei nødvendig opprusting og modernisering av skinnegangen på Vossebana. Dette saman med kapasitetsaukande tiltak på strekninga Bergen-Arna vil kunne legge til rette for å utvikle eit langt meir attraktivt rutetilbod på Vossebanen. (Samrøystes.)
Fylkestinget legg til grunn at det vert sett av statlege midlar til prosjektering og planlegging i perioden 2006-2009 med sikte på realisering av ei opprusting av Vossebana så snart som råd. (Vedteke etter forslag frå Arbeiderpartiet med 44 (Ap, SV, RV, V, H, KrF, Pensj.) mot 13 (Frp) røyster.)
c) Fylkestinget vil understreke Ringeriksbana som kanskje det viktigaste enkeltprosjektet for å utvikle Bergensbana som eit attraktivt og konkurransedyktig transporttilbod mellom Bergen og Oslo. Fylkestinget legg til grunn at Jernbaneverket vidarefører planlegging av Ringeriksbana med utgangspunkt i Stortinget sitt traseval for prosjektet, og prioriterer fram prosjektet med oppstart i perioden 2006-2010. (Samrøystes.)

12. Fylkestinget vil understreke den nasjonale betydninga av Austevoll som fiskerikommune, og krev at arbeidet med å utvikle fiskerihamna på Storebø vert prioritert fram for gjennomføring tidleg i planperioden 2006-2009. (Samrøystes.)

13. For at Bergen kan utvikla seg vidare som cruisehamn vil fylkestinget på ny understreke behovet for å få bygd ny seglingslei til Bergen. Kostnadene med bygging av ny seglingslei til Bergen må fullt ut dekkast av staten utanom dei ordinære samferdslerammene. (Vedteke med 47 mot 10 (SV, RV, V) røyster.)

14. For å betre tryggleiken i dei trafikerte farleiene ber fylkestinget om at gjennomføringa av dei prioriterte utdjupingstiltaka i farleiene i Hordaland kjem tidleg i planperioden 2006-2015. Fylkestinget ber vidare om at arbeidet med å utvide dekningsområdet til Fedje trafikksentral sørover til Vatlestraumen og Korsfjorden vert gjennomført. (Samrøystes.)

15. I samband med realiseringa av Halsnøysambandet vil Fylkestinget peika på behovet for å starta opp planarbeidet og arbeidet med å finna finansiering av dei nye ferjestøa med tilførselsvegar på Stord og i Kvinnherad. (Samrøystes.)

16. Fylkestinget vil peika på at ”Gullvegen” (frå Sveio til Øygarden på eksisterande vegnett) må få status som nasjonal turistveg. (Samrøystes.)

17. Fylkestinget viser til planane som no er under arbeid for å realisera fastlandssambandet for Bjelkarøy og Lerøy.
Fylkestinget føreset at planarbeidet held fram parallelt med at det vert utarbeidd ein heilskapleg arealdisponeringsplan for øyane og dei kringliggjande sjø- og landområda, slik at prosjektet kan leggjast inn ved neste rullering av NTP. (Samrøystes.)

18. Auka trafikk og større fly gjer at sikringskrava ved Sørstokken flyplass i Stord kommune er blitt strengare. Staten må sikra finansiering til nytt tårn og ny brannstasjon slik at sikringskrava vert innfridde. (Samrøystes.)

19. Fylkestinget viser til Kystverket si prioritering av tiltak innan beredskapsarbeid mot akutt forureining, betra tryggleik og framkomme samt vedlikehald for å unngå forringing av eksisterande infrastruktur. Fylkestinget vil be om at oljevernet i området Sture-Mongstad generelt vert styrka og at det statlege hovuddepotet for oljevernet på Fedje vert gjenoppretta. Fylkestinget etterlyser eit strerkare fokus på sjøtransporten si rolle i det samla transportnettverket, og då særleg hamnestrukturen. Løyvingane til sikring av farleiene er små, og vi ser at viktige tiltak ligg langt framme i tid. (Samrøystes.)

20. Fylkestinget vil peika på at Rv 569 Dalseide – Romarheim og den viktige rolla vegen har både lokalt og regionalt, ikkje minst som viktig samband med E 16 og E 39. (Samrøystes. Forslaget var fremja av Arbeiderpartiet.)

Stanley Hauge

05.05.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart