Fylkesutvalet kan ikkje tilrå at skular på generelt grunnlag set i verk obligatorisk bruk av berbare PC-ar for elevane. Skulen må ta omsyn til departementet sine kriteria for å krevja at eleven sjølv skal halda seg med berbar PC, heiter det i vedtaket.
I eit brev til fylkeskommunane seier Utdannings- og forskingsdepartementet mellom anna at dei vurderer det slik at ordningar som påfører elevane større utgifter enn dei har i dag, vil vera i strid med opplæringslova.
I fylkesutvalet sitt vedtak vert det understreka at skulen må leggja fram ei vurdering av alternative opplegg for korleis dei berbare PC-ane skal kjøpast eller leigast. Skulen si endelege tilråding må vera gjort i samråd med elevane. Like eins må det digitale undervisningopplegget planleggjast, gjennomførast og vurderast i nært samarbeid mellom skolen og elevane.
Fylkesutvalet vil oppfordra dei vidaregåande skolane til å intensivera arbeidet med å utvikla digital kompetanse og gjera bruk av digitale hjelpemiddel som ein integrert del av undervisninga.
Ein føresetnad er at skulen har tilrettelagt eit trådlaust nettverk i samsvar med den standard som er tilrådd ut frå testing av ”sikkert” trådlaust undervisningsnettverk i fylkeskommunen.
Fylkesrådmannen får fullmakt til å godkjenna søknader frå skular om innføring av ordningar med berbare elev PC’ar ut frå dei føresetnadane som det er vist til i denne saka.
Fylkeskommunen skal henta inn tilbod på leasing/kjøp av berbare PC-ar. Tilbodet skal formidlast vidare til alle elevar ved vidaregåande skular i Hordaland.
Stanley Hauge