Mange vil verta rektorar i vidaregåande skular i Hordaland

Hordaland fylkeskommune har fått 70 søknader frå ca. 35 personar til fem ledige rektorstillingar ved vidaregåande skular i fylket. Til stillinga som rektor ved Askøy videregående skole har det meldt seg ti søkjarar, Sandsli videregående skole 17 søkjarar,


Både grunnskular og vidaregåande skular over heile landet har dei siste åra slite med å rekruttera rektorar. Med den store og gode søknadsmassen vi har fått til dei fem ledige stillingane her i Hordaland no, er denne trenden broten, seier opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld.

Det er særleg gledeleg at ein del av dei best kvalifiserte mellomleiarane i dei vidaregåande skulane i Hordaland er mellom søkjarar. I lys av det generasjonsskiftet vi står framfor når det gjeld skuleleiarar dei komande åra, er dett svært gledeleg og det lovar godt, seier opplæringsdirektør Fjeld.

Opplæringsdirektøren seier han tolkar dei mange søknadene som eit teikn på at det er mange som har lyst og interesse til å vera med i leiinga når den stor «Kultur for læring»-reforma skal setjast i verk frå hausten 2006.

Tilsetjing i stillingane vil venteleg vera gjennomført innan midten av juni.

Hordaland fylkeskommunen har også lyst ut ei rekkje stillingar som assisterande rektor. Det er også mange søkjarar til desse stillinga, men søkjarlistene til dei er ikkje klare enno.

Liste over søkjarane til rektorstillingane. Ein del av søkjarane har bede om konfidensiell behandling og står oppførte som «NN» på søkjarlista.

Stanley Hauge

06.05.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart