«Kvikksølvubåten» ved Fedje må hevast

Vraket av ubåten U864 ved Fedje, med 64 tonn kvikksølv om bord, er ein miljøtrussel. Kvikksølv er ei farleg miljøgift som vert teken opp i næringskjeda. Me kan ikkje risikera at kystområda våre og Nordsjøen, spiskammeret vårt, vert utsette for slik ureini


Kvikksølvutslepp i den storleik som ubåtvraket representerer, kan gje uante konsekvensar for fisk og skaldyr og dermed også for fiskeri- og oppdrettsnæringane. Me må handla slik at sjømaten vår, som er viktig både til innanlands bruk og til eksport, ikkje kjem i vanry, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Sjølv om vraket i dag ikkje er ein akutt miljøtrussel, vil skipet før eller seinare rusta og kvikksølvet leka ut. Eg er kjent med at det ved Forsvarets logistikkorganisasjon ved Haakonsvern vert vurdert slik at tildekking ikkje vil vera ei varig løysing. Det vil vera ein risiko for at kvikksølvet kan koma til å renna ut gjennom sanden under båten og verta spreidd med straumar i området utanfor Fedje, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Kystverket er ansvarleg for kva som vidare skal skje med vraket, og eg ventar at staten syter for at dei midlar som trengst til heving vert stilt til rådvelde, seier fylkesordføraren.

Stanley Hauge

25.05.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart