Krigsveteranar i Hordaland heidra

Krigsveteranar i Hordaland er blitt heidra av Russland for innsatsen sin i den andre verdskrigen. Veteranane fekk den russiske medaljen til minne om 60 år siden sigeren over nazi-Tyskland.

På vegner av president Vladimir Putin, overrekker ambassaderåd Evgeny Goncharov, den russiske krigsmedaljen til Olai E. Steffensen, Bergen.

Russland markerer 60 årsjubileet med ein eigen medalje ”Til minne om 60-årsjubileum for sigeren i Den store fedrelandskrigen 1941-45” som det heiter i Russland. I alt er medaljen tildelt 32 krigsveteranar i Hordaland. Ambassaderåd Evgeny Goncharov ved den russiske ambassaden i Oslo dekorerte krigsveteranane med medaljane på vegner av president Vladimir Putin og takka dei for innsatsen under krigen.

Fylkesordføraren til stades
Den høgtidelege overrekkinga skjedde i fylkeshuset i Bergen med fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg til stades. Mange av krigsveteranane deltok i kampane i Nord-Noreg, og ein del av dei kjempa under russisk kommando mot tyskarane.

Kjempa under russisk kommando
Ein av dei som vart heidra, 87 år gamle Olai E. Steffensen frå Bergen, fortel at det var harde kampar i Sør-Varanger.
- For å komme nord til Finnmark, reiste eg først med båt til England og deretter med skip nordover. Der kjempa eg under russisk kommando like til freden 8. mai 1945. Eg var i Finnmark til nokre dagar etter krigen, seier Steffensen, som etter krigen vart major i den norske hæren.

Høgt dekorert
Steffensen deltok og i 50 årsmarkeringa for kampane i Finnmark, 24. oktober 1994 i Garnisonen i Sør-Varanger der han møtte sine russiske kollegar igjen. I samband med 50 årsmarkeringa for freden 8. mai 1995, vart Steffensen invitert som ein seks norske krigsveteranar til markeringa på Den røde plass i Moskva. Steffensen er høgt dekorert for krigsinnsatsen sin både i Noreg og Russland.

Desse 32 krigsveteranane i Hordaland er tildelt den russiske krigsmedaljen til minne om 60 år sidan freden i 1945

Sjå bilete av krigsveteranane

Bjarte Brask Eriksen

09.05.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart