Hardangerbrua og Jondalstunnel må leggjast fram for Stortinget snarast

Hordaland fylkesting har med 47 mot 10 røyster vedteke ei fråsegn om at sakene om Hardangerbrua og Jondalstunnel må leggjast fram for Stortinget snarast. Fylkestinget uttalar at det er uventa og uakseptabelt at Regjeringa ikkje har sytt for å få desse sa


Hordaland fylkesting har med 47 mot ti (SV, RV, V) røyster – vedteke følgjande fråsegn til Regjeringa:

«Det var uventa og uakseptabelt at Regjeringa ikkje har sytt for å få sakene om Hardangerbrua og Jondalstunnelen klare til å verta lagde fram for Stortinget og handsama i denne sesjonen.

Fylkestinget handsama bompengesøknadene for begge prosjekta 14. desember 2004. Statens vegvesen Region vest sende søknaden for Jondalstunnelen til Vegdirektoratet 6. januar 2005 og søknaden om Hardangerbrua 10. januar 2005.

Fylkestinget er samd i at det er viktig å kvalitetssikra desse store prosjekta. Med dei tette banda som det er mellom Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet i slike saker, skulle det vore fullt mogleg for departementet å førebu kvalitetssikringa slik at Stortinget kunne få begge prosjekta til behandling i denne sesjonen. Kort sagt: Departementet har hatt tilstrekkeleg tid, men har ikkje vore aktive nok til å få sakene fram i tide.

Fylkestinget viser til at fylkeskommunen som regional styresmakt, storbyen Bergen og dei berørte kommunane i årevis har arbeidd med å realisera Hardangerbrua. Prosjektet er finansiert med beskjeden statleg medverknad og svært stor lokal innsats. Hordaland fylkeskommune er klar til å kjøpa renteopsjon for å sikra prosjektet låge rentekostnader og dermed tilsvarande redusert behov for delfinansiering med riksvegmidlar. Fylkestinget ventar at dei sentrale styresmaktene følgjer aktivt opp dette langvarige og sterke lokale- og regionale engasjementet.

Jondalstunnelen er eit stort fylkesvegprosjekt som har brei støtte både lokalt og regionalt, og Stortinget øyremerkte 30 mill. kr av riksvegmidlande til Hordaland til dette prosjektet i statsbudsjettet for 2005. På grunn av nye trafikkprognosar frå vegstyresmaktene har fylkeskommunen føreta ei justering av finansieringsplanen for prosjektet. Denne har fylkestinget godkjent i dag, 4. mai 2005.

Hordaland fylkesting krev at Regjeringa snarast får lagt fram begge sakene for handsaming i Stortinget slik at dei kan slutthandsamast i denne sesjonen.

Fylkestinget vil understreka at det er ei kvalitetssikring av tala for trafikk og kostnader for Hardangerbrua som no skal gjerast etter regelverket. Fylkestinget reagerer sterkt på at kvalitetssikringa får form av ei heilt ny konsekvensutgreiing. Fylkestinget minner om at konsekvensutgreiinga allereie er gjort, og vurderer dette som ei rein uthaling av tida før stortingsbehandlinga.»

Stanley Hauge

04.05.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart