Hardanger, med nasjonalromantikken, er valt til tusenårsstad i Hordaland. Det konkrete uttrykket for tusenårsstaden blir eit kunst- og kultursenter i Øystese. Offisiell opning skjer laurdag 19. november.

Tusenårsstaden er ein lekk i den store nasjonale markeringa i Noreg ved inngangen til eit nytt tusenår. Tusenårsstaden skal og markera jubileet for oppløysinga av unionen med Sverige i 1905.
Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland skal opne kunst- og kultursenteret i Øystese. Dette blir ei ny scene for kunst og kulturlivet. Hordaland har ikkje hatt eit hus av slikt format for kunst, utanom i Bergen.
Kunst- og kultursenteret vil koste 35 millionar kroner, det meste dekka av Hordaland fylkeskommune, med rause tilskot frå stat og Kvam herad. Senteret skal innehalde mellom anna stort utstillingslokale og kammermusikksal.
Meir informasjon om tusenårsstaden, nasjonalromantikken, brosjyrar, følg byggeprosessen etc.
Bjarte Brask Eriksen