Fylkestinget vedtok justert finansieringsplan for Jondalstunnelen

Hordaland fylkesting har godkjent justert finansieringsplan for Jondalstunnelen. Vedtaket vart gjort med 47 mot 10 røyster. Dei som røysta for, var: 13 Ap, 6 SV, 2 RV, 13 Frp, 4 KrF, 2 V, 4 Sp, 3 H. Dei som røysta imot, var: 8 H, 1 Pensj., 1 KrF.


Årsaka til at fylkestinget måtte handsama finansieringsplanen på nytt, er at regionvegsjefen meiner at bompengeinntektene er sette 38 mill. kr for høgt i den tidlegare vedtekne finansieringa.
Fylkestinget går ikkje med på regionvegsjefen sitt krav om å stryka 8 mill. kr i førhandsbompengar på ferja Jondal-Tørvikbygd, og opprettheld denne inntekta i finansieringsplanen.
Fylkestinget går inn for å auka satsen for bompengar i tunnelen med 5 kr til 75 kr, noko som vil gje 8 mill. kr meir i bompengeinntekter. Det kommunale tilskotet frå kvar av kommunane Odda, Kvinnherad og Jondal vert auka med 1 mill. kr. Kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift vert auka med 5 mill. kr og fylkeskommunen skal auka låneopptaka med 14 mill. kr.

Fylkestinget har godkjent at det i bompengesøknaden vert teke inn eit tillegg om bompengeinnkrevjing i ein periode på 15 år sjølv om bompengelånet er nedbetalt før denne tidsperioden. Bompengeinnkrevjinga skal likevel vera avgrensa til å gjelda bompengelånet med tillegg av kommunane sine ekstratilskot og fylkeskommunen sitt ekstra låneopptak.

Fylkestinget viser til at før ein bompengesøknad vert fremja for Stortinget, må det vera avklåra om korleis eventuelle kostnadsoverskridingar for tunnelprosjektet skal finansierast. Fylkestinget strekar under at Jondalstunnelen er eit fylkesvegprosjekt som fylkeskommunen står ansvarleg for. Fylkeskommunen vil såleis ta på seg å dekka eventuelle kostnadsoverskridingar.
Dette punktet er likevel ikkje å sjå på som ei fullmakt til å setja i gang prosjektet uavhengig av kostnaden etter at anboda er komne inn. Dersom det vert kostnadsoverskridingar må prosjektet handsamast på nytt av fylkestinget, heiter det i vedtaket.

Stanley Hauge

04.05.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart