Fylkesordføraren opna Eidfjord cruisehamn

Den nye cruisebåtkaien i Eidfjord vart opna søndag 15. mai av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, ”Eg håpar den nye cruisebåtkaien ikkje berre vil løfta reiselivesnæringa i Eidfjord til nye høgder, men også at nabokommunane vil oppleva positive og tyd

Tyske M/S ”Albatross” var det første skipet til den nye cruiseskipskaia i Eidfjord.Foto: Frede Olaussen, Eidfjord kommune

Eidfjord cruisehamn
Eidfjord kommune er byggherre for cruisehamna som skal drivast av Destinasjon Eidfjord. Plasseringa er rett framfor Vøringfoss hotell. Kaien er 120 meter lang, djupna er 10,5 meter ved kaifront ved fjæra sjø, og kan ta imot dei største cruiseskipa i verda. Og sjølvsagt stettar kaien dei internasjonale krava til tryggleik.

30 skip kjem i år
Tyske Albatross med kapasitet til 700 passasjerar var i Eidfjord søndag og tok del i opningsmarkeringa. Om lag 30 cruiseskip skal koma til Eidfjord i sommar, og det er ei dobling i høve til 2004.

Store cruiseskip
Det er med eit smil om munnen eg registrerer at over halvparten av skipa som skal koma, har med seg fleire om bord enn det er innbyggjarar i Eidfjord, sa fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Kanskje kjem verdas største..
28. juli skal verdas største cruiseskip «Queen Mary 2» inn Hardangerfjorden, men det er enno usikkert om skipet skal leggja til kai i Eidfjord.

Påmeldingane til 2006 er lovande med kring 20 skip alt no.

Sjå bilete og omtale av opninga:

Hardanger Folkeblad

Eidfjord kommune

Eidfjord kommune - bilete

Stanley Hauge

18.05.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart