
Historisk rolle
Den internasjonale tørrfiskfestivalen tek utgangspunkt i den historiske rolla Nord-Noreg har som produsent og leverandør, og rolla Bergen har hatt som eksporthamn. ”Stoccafisso 2005” er i hovudsak ein festival som har til mål å fremje næringsutvikling innan tørrfisknæringa og reiselivet, gje nye matopplevingar, og auke innsikta i den kulturhistoriske verdien tørrfisken har i Noreg og utlandet.
Ettertrakta eksportvare
- Vi vil gjere folk medvitne om tørrfisken si historiske rolle i Bergen, og kor viktig tørrfisknæringa har vore for landsdelen i nord. Tørrfisken er ei ettertrakta eksportvare. Det blir difor viktig å framheve korleis ein kan samarbeide både nasjonalt og internasjonalt med utgangspunkt i vår felles råvare, seier prosjektleiar for festivalen Kjetil Natvik.
Kaste glans
Festivalen skal illustrere varierte bruksområde for tørrfisken i norsk og internasjonal gastronomi, og kva spanande smaksopplevingar dette gir. I den italienske byen Genova tilverkar dei truleg flest tørrfiskrettar i verda. Genova er difor ein sentral samarbeidspartnar under Stoccafisso 2005, og italienske kokkar vil medverke til å kaste glans over festivalen. Festivalen skal og medverke til fremjing av reiselivet i ”det atlantiske Noreg” og Italia.
Motivere nordmenn
Samanlikna med eksportland som Italia og Nigeria, der tørrfisk har blitt ein daglegdags ingrediens, finn ein sjeldan tørrfisk i norske matrettar. Kanskje denne festivalen kan motivere nordmenn til å bruke den næringsrike råvara i større grad i tida som kjem.
Forankring
Festivalen er forankra i Hordaland fylkeskommune i nært samarbeid med Bergen kommune. Andre samarbeidspartnarar er Nordland fylkeskommune, Finnmark fylkeskommune, Røst kommune, Hasvik kommune, Tørrfiskforum, Innovasjon Norge, Eksportutvalet for fisk, Bergen Næringsråd, RBL, NHO, Stiftelsen Bryggen og ”Torgdagen i Bergen”. Sist, men ikkje minst, er fylket Liguria i Italia, med byen Genova i spissen, med på gje festivalen eit internasjonalt preg.
Heimesida til tørrfiskfestivalen
Bjarte Brask Eriksen