60 prosent av fylkesbudsjettet går til skulesektoren

Om lag 60 % av Hordaland fylkeskommune sine driftsutgifter i 2004 gjekk til vidaregåande opplæring. I alt brukte fylket 1836 mill. kr til drifta av dei vidaregåande skulane og lærlingordninga i fjor. Over 80 % av alle tilsette i fylkeskommunen arbeider i

Balanse i økonomien
Rekneskapen for Hordaland fylkeskommune for 2004 kom ut med overskot på 11,6 mill. kr. Det er første gong sidan 1997 at fylkeskommunen har kome ut med både positivt netto driftsresultat og overskot. Samanlikna med underskotet på 44,7 mill. kr i 2003 viser rekneskapen for 2004 ei kraftig forbetring.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og fylkesrådmann Paul M. Nilsen seier i årsmeldinga at gjennom stram budsjettering og økonomistyring har fylkeskommunen greidd å gjenoppretta balanse i fylkesøkonomien.

Driftsutgifter på 3 075 mill. kr
Fylkeskommunen sine samla brutto driftsutgifter var i 2004 på 3 074,9 mill. kr, om lag 603 mill. kr mindre enn i 2003. Årsaka er at barne- og familievernet og rusvernet frå årsskiftet 2003-04 vart overtekne av staten. Korrigert for denne omlegginga er driftsutgiftene våre litt lågare i 2004 enn året før. I dette biletet høyrer det også med at i samband med samferdselsforsøket 2004-07 i Bergen kommune, er det trekt 54,5 mill. kr ut av fylkeskommunen sine rammer og overført til kollektivtrafikk i Bergen. Like eins vart 18,5 mill. kr i museumstilskot som tidlegare vart overførte til og fordelte av fylkeskommunen, frå 2004 betalte direkte frå staten (17 mill. kr) og Bergen kommune (1.5 mill. kr) til musea.

Mest til skulesektoren
I 2004 gjekk 59,7 % av fylkeskommunen sine samla driftsutgifter til utdanning. Samferdsel utgjorde 18,5 %, tannhelsetenesta 6,5 %, politiske organ og administrasjon 5,9 %, kultur og idrett 5,2 % og regional utvikling 3,7 %.

I 2004 vart det utført 3 537 årsverk av tilsette i fylkeskommunen. Heile 81 % – 2 887 årsverk – vart utført av tilsette i det vidaregåande skuleverket. Av 4 159 tilsette 3 384 i denne sektoren.

Nøkkeltal
I årsmeldinga for 2004 er det teke inn ein del nye nøkkeltal om tilsette i fylkeskommunen. I oversikta vil ein finna tal tilsette, kjønnsfordeling, sjukefråvær, gjennomsnittsalder og gjennomsnittsløn.

Årsmelding Hordaland fylkeskommune 2004

Stanley Hauge

12.05.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart