Hordaland fylkesutval ser med stor uro på Gilde vest sine planar om å leggja ned slakteriet i Granvin, heiter det i ei fråsegn som fylkesutvalet har vedteke å senda til Gilde vest. Vedtaket vart gjort med 12 mot tre (Frp) røyster.
I fråsegna, som vart vedteken etter forslag frå Harald Hove (V), heiter det vidare at slakteriet i Granvin er det einaste slakteriet i Hordaland. Ei nedbygging av slakteriet vil svekkja det landbruksfaglege miljøet i store delar av Hordaland, og ei svekking av ein allereie næringssvak region i Hardanger og Voss. Det vil også setja tilbake arbeidet med næringsutvikling av lokale matprodukt med basis i landbruket.
Auka reisetid til slakteriet er også veldig uheldig med omsyn til dyrevern og dyrehelse.
Stanley Hauge