Hordaland fylkesutval rår til at Statoil Mongstad får endra utsleppsløyve i samband med utviding av kapasiteten. Statoil Mongstad søkjer løyve til utslepp som følgje av auka produksjon av raffineriprodukt frå 8.500.000 tonn til 14.000.000 tonn og auka mot
Lokal aktivitet
Fylkesutvalet meiner det er viktig at norske olje- og gassressursar i størst mogleg grad vert førde i land i Noreg som grunnlag for lokal aktivitet og verdiskaping. Fylkesutvalet er positiv til at Statoil Mongstad aukar aktiviteten ved raffineri og råoljeterminalen, og rår til at verksemda får endra utsleppsløyve i samsvar med søknaden, heiter det i fylkesutvalet sitt vedtak som vart gjort mot ei røyst (V).
Forsking om helseskade
Fylkesutvalet syner elles til dei store utsleppa av flyktige organiske samansetjingar. Ein bed difor om at det vert sett i verk vidare utgreiing og forsking om evt. helseskade kring desse (nmVOC og VOC). Dette punktet vart vedteke etter forslag frå Bjørn Lothe (SV).
Stanley Hauge