Stram økonomistyring løner seg – 50 mill. kr meir til drifta i 2006

Hordaland fylkeskommune vil kunna auka driftsrammene med 50 mill. kr frå 2005 til 2006 og samstundes bruka 50 mill. kr av driftsmidlane til finansiering av investeringar, går det fram av fylkesrådmannen sitt utkast til budsjettrammer for 2006 og perioden

Stor skulesatsing
– Me vil dei komande åra gjennomføra ei omfattande satsing innan vidaregåande utdanning. Storparten av dei auka driftsrammene vil me bruka til å gje eit godt opplæringstilbod til dei store årskulla som er på veg inn i den vidaregåande skulen. Og me skal investera 692 mill. kr i bygging av to nye skular og større utbygging av fire skular, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.
– Men det vert også meir midlar til kollektivtrafikk, vedlikehald av fylkesvegar, regionale utviklingstiltak og til kulturføremål, understrekar fylkesordføraren.

Driftsbudsjettet
Fylkesrådmannen har i sitt budsjettopplegg rekna med ein vekst i driftsrammene på 50 mill. kr frå 2005 til 2006. Desse midlane føreslår han å bruka slik:

– Elevtalsvekst: 36 mill. kr
(heilårsverknad i 2006 av elevtalsveksten hausten 2005 og nye elevar frå hausten 2006).
Vidare opptrapping i 2007 og 2008.

– Takstfrys for reiser med buss og båt i Hordaland i perioden 2006 – 2008: 7 mill. kr kvart år.

– Auka fylkesvegvedlikehald: 3 mill. kr i 2006 og ytterlegare 2 mill. kr frå 2007

– Auka løyving til kultur: 2 mill. kr

– Auka løyving til regionale utviklingstiltak: 2 mill. kr

Investeringar
Hordaland fylkeskommune skal gjennomføra store investeringar i åra 2006-2009, storparten gjeld vidaregåande skular og fylkesvegar. I skulesektoren skal det byggjast for 692 mill. kr og til fylkesvegar skal det nyttast 374 mill. kr dei komande fire åra.

Nye skular og tilbygg
· Olsvikåsen videregående skole (ferdig 2006)
· Sørås videregående skole (ferdig 2008)
· Åsane gymnas (tilbygg ferdig 2007)
· Knarvik vidaregåande skule (tilbygg ferdig 2008)
· Bergen Handelsgymnasium (tilbygg ferdig 2009) · Årstad videregående skole (tilbygg ferdig 2010)

Det vert lagt opp til å auka budsjettet til ombygging og mindre tilbygg ved skulane frå 10 mill. kr i 2005 til 15 mill. kr i 2006 og kvart år i perioden, altså 50 % meir enn i år. Like eins vert budsjettet til inneklima- og brannsikringstiltak auka frå 12 mill. kr i 2005 til 15 mill. kr i 2006 og kvart år i perioden. Og løyvinga til IT-utstyr skal få påplussing frå 6 mill. kr til 7 mill. kr årleg.

Fylkesvegar
Investeringane i fylkesvegar føreslår fylkesrådmannen auka frå 32 mill. kr i 2005 til 54 mill. kr i 2006. I 2008 vert det rekordhøge fylkesveginvesteringar med 212 mill. kr i og med bygging av Jondalstunnelen.

Driftsmidlar til investeringar
– Med dei store utbyggingsoppgåvene me står framfor dei komande åra, er det gledeleg og naudsynt at me kan nytta 50 mill. kr årleg av driftsmidlane til investeringar, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. – Gjenopprettinga av balansen i fylkesøkonomien gjev oss såleis positiv effekt både ved at me alt no kan setja inn meir midlar til drifta og at me reduserer lånebehov og investeringsgjeld.

Saka om budsjettrammene som skal handsamast av fylkesutvalet torsdag 23. juni

Stanley Hauge

16.06.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart