– Auka fylkesvegvedlikehald: 3 mill. kr i 2006 og ytterlegare 2 mill. kr frå 2007 – Auka løyving til kultur: 2 mill. kr – Auka løyving til regionale utviklingstiltak: 2 mill. kr Investeringar Hordaland fylkeskommune skal gjennomføra store investeringar i åra 2006-2009, storparten gjeld vidaregåande skular og fylkesvegar. I skulesektoren skal det byggjast for 692 mill. kr og til fylkesvegar skal det nyttast 374 mill. kr dei komande fire åra. Nye skular og tilbygg · Olsvikåsen videregående skole (ferdig 2006) · Sørås videregående skole (ferdig 2008) · Åsane gymnas (tilbygg ferdig 2007) · Knarvik vidaregåande skule (tilbygg ferdig 2008) · Bergen Handelsgymnasium (tilbygg ferdig 2009) · Årstad videregående skole (tilbygg ferdig 2010) Det vert lagt opp til å auka budsjettet til ombygging og mindre tilbygg ved skulane frå 10 mill. kr i 2005 til 15 mill. kr i 2006 og kvart år i perioden, altså 50 % meir enn i år. Like eins vert budsjettet til inneklima- og brannsikringstiltak auka frå 12 mill. kr i 2005 til 15 mill. kr i 2006 og kvart år i perioden. Og løyvinga til IT-utstyr skal få påplussing frå 6 mill. kr til 7 mill. kr årleg. Fylkesvegar Investeringane i fylkesvegar føreslår fylkesrådmannen auka frå 32 mill. kr i 2005 til 54 mill. kr i 2006. I 2008 vert det rekordhøge fylkesveginvesteringar med 212 mill. kr i og med bygging av Jondalstunnelen. Driftsmidlar til investeringar – Med dei store utbyggingsoppgåvene me står framfor dei komande åra, er det gledeleg og naudsynt at me kan nytta 50 mill. kr årleg av driftsmidlane til investeringar, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. – Gjenopprettinga av balansen i fylkesøkonomien gjev oss såleis positiv effekt både ved at me alt no kan setja inn meir midlar til drifta og at me reduserer lånebehov og investeringsgjeld. |