Raus gåve til historieundervisninga

Dei vidaregåande skulane i Hordaland får komande skuleår eit godt tilskot til læremidlane i historie. Kvar skule får eit sett av dei to første videoane som prosjektet Vestaver har laga om Nordsjøfarten frå Vestlandet til Shetland. Fylkesordførar Torill Se

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg fekk 17. juni overrekt 100 videofilmar om Nordsjøfarten til bruk i dei vidaregåande skulane. Den rause gåva vart overrekt av Johannes H. Fosse (nr. 2 frå venstre) og Karstein Vågenes i prosjekt Vestaver. Til høgre fylkesopplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld. (Foto: Stanley Hauge.)

Shetlandsfarten
Filmane handlar om Nordsjøfarten frå Vestlandet til Shetland og motstandsrørsla under 2. verdskrig. Folk som opplevde krigen fortel si historie. I filmane møter ein både dei som arbeidde på land, og «Shetlandsgjengen» som frakta folk fram og tilbake framfor nasen på tyskarane.

Eigna til historieundervisning
– Filmane vil vera godt eigna til historieundervisninga i den vidaregåande skulen. Det er viktig at dei unge vert kjende med kva som vart gjort for folk og land under okkupasjonen. Verdien av å ha sitt eige frie fedreland, er noko alle må få med seg, sa Johannes H. Fosse då han overleverte dei 100 videoane til fylkesordføraren.

Stort materiale er samla inn
Vestaver er eit føretak som har samla film og intervju med veteranar frå 1940-45. Til no har ein meir enn 50 timar med opptak av stor historisk verdi. Av opptaka er det laga to filmar, kvar med 30 minuttars visingstid. Ein tredje film kjem også. Og det ligg også grunnlag for å laga enno fleire med utgangspunkt i opptaka som er gjort.

Lokalhistorie av nasjonal verdi
Dei to første videoane handlar om Nordsjøfarten og motstandsrørsla. Den første viser eit utdrag frå det som skjedde i åra 1940-45. Den andre handlar om skøytene og seinare ubåtjagarane Hessa, Hitra og Vigra. Den tredje filmen er om D-dagen og avsluttinga på krigen.

Gjennom opptaka som er tekne og filmane som er produserte med utgangspunkt i dei, er det gjort ein stor og viktig innsats for å ta vare på kysthistorie av nasjonal verdi, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. Ho takka både for den rause gåva, og det store arbeidet som er gjort med å sikra dette historiske materialet.

Vestaver-prosjektet
Vestaver-prosjektet starta i 2000 med mål å få veteranar frå krigsåra 1940-45 til å fortelja om det dei var med på og opplevde i kampen for å frigjera landet. Initiativet til dette filmarbeidet kom frå Karsten Vågenes. Prosjektleiar har vore Johannes H. Fosse. I prosjekt- og arbeidsgruppa har elles desse vore med: Karstein Vågenes, Egil Eikanger, Ragnar Nøttveit, Sverre Helland, Olav Steinar Namtvedt, Odd Tøsdal, Aasmund Mjeldheim, Einar Vatne og Karl Kolstad. Filmane er produserte og redigert av filmprodusent Nils Arne Sæbø i Iris Multimedia.

Kostnader
Kostnadene er til no knapt ein million kroner som er finansiert med gåver, tilskot og sal av filmane. Enno manglar det noko midlar for at alt er finansiert, og det trengst også pengar til å arbeida vidare med dei innsamla opptaka. Johannes H. Fosse seier at filmane også vil verta å få i DVD-format.

Stanley Hauge

24.06.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart