Rapport om organisering av bompengeselskap i Hordaland

Rapporten om framtidig organisering og administrasjon av bompengeselskap i Hordaland, som fylkesrådmannen har utarbeidd på oppdrag frå fylkesutvalet, skal sendast på høyring. Med grunnlag i høyringsfråsegnene skal det utarbeidast sak om val av organisasjo


Fylkesrådmannen har utarbeidd rapporten «Organisering og administrasjon av bompengeselskapa i Hordaland». Rapporten har som føremål å gje eit overordna bilete av administrative utfordringar ved dagens bompengeordning samt foreslå ei meir kostnadseffektiv organisering.

Ein av konklusjonane i rapporten er at vilkåra for effektiv og rasjonell drift er vanskeleg å oppfylla innanfor dagens regelverk /bompengeavtale. Rapporten skisserer ei løysing som kan realiserast innanfor dei rammevilkåra som gjeld i dag (administrasjonsselskap). Samstundes vert det peika på at ein truleg kan oppnå ytterlegare innsparingar om regelverket vert endra.

Fylkesrådmannen går inn for ein todelt strategi. Den langsiktige strategien legg til grunn at det vert gjennomført endringar i rammevilkåra slik at det kan etablerast bompengeselskap med totalansvar for fleire prosjekt. Den kortsiktige strategien inneber å starta prosessen med å etablera eit administrasjonsselskap som skal administrere dagens bompengeselskap på ein meir kostnadseffektiv måte. Selskapet vil, om regelverket vert endra, kunne fylla rolla som fylkeskommunalt eller eventuelt regionalt eigd bompengeselskap, heiter det i saksutgreiinga.

Stanley Hauge

08.06.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart