Ny rekord for Nordhordlandsbrua

Nordhordlandsbrua har fått ny rekord i tal passerande køyretøy på eitt døgn. Fredag 13. mai passerte 16.526 køyretøy over brua. Den gamle rekorden på 14.490 køyretøy var frå 28. mai 2004. Begge dagar var fredag før pinse.

Tala for april og mai viser god auke i trafikken. I mai månad var trafikken 321.123 passeringar. Dette utgjer 10.359 i gjennomsnitt pr. døgn. I høve til same månad i fjor er auken på 3,8 prosent.

I april månad var trafikkveksten endå større, 4,5 prosent. I alt passerte 296.237 køyretøy over brua, eller 9.875 pr. døgn i gjennomsnitt.

I dei fem første månadene i år er trafikkveksten på 4,7 prosent. Sidan brua vart opna i 1994 har vel 31 millionar køyretøy passert over den.

Bjarte Brask Eriksen

08.06.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart