Kyrre skole vert overført til Bjørgvin vgs

Kyrre skole, som gjev vidaregåande opplæring for elevar med psykiske problem, skal overførast frå Bergen katedralskole til Bjørgvin videregående skole frå 1. august 2005, har fylkestinget vedteke. Tilbodet skulen gjev til vaksne elevar (over 25 år) må i s


Fylkestinget har vedteke at fylkeskommunen skal gå i dialog med Helse vest og andre samarbeidspartnarar for å føra vidare tilbodet til dei elevane som ikkje er i aldersgruppa 16-25 år.
Ved at dei vaksne elevane vert finansierte av eksterne samarbeidspartar, vil fylkeskommunen kunna spara 3 mill. kr årleg. Fylkestinget går inn for at 2 mill. kr av denne summen skal nyttast til auka satsing på ungdomsgruppa 16-25 år.
Gjennom samarbeid med andre forvaltningsorgan og med eksterne finansieringskjelder er målsetjinga å auke aktiviteten ved Kyrre skole og opna for kveldsundervisning, heiter det i vedtaket.

Fylkestinget har vedteke at tilbodet ved Kyrre skole skal sjåast i tettare samanheng med ordinær vidaregåande opplæring. Inntaket vert difor overført til Opplæringsavdelinga.
Vidare vert det foreslått som hovudmål at elevane skal integrerast i kvardagslivet, anten i form av arbeid eller ordinær vidaregåande opplæring. Difor vert Kyrre skole overført frå Bergen Katedralskole til Bjørgvin videregåande skole. Fagtilbodet ved denne skulen har fleire fellestrekk med Kyrre skole og skal leggje forholda til rette for integrering i vidaregåande opplæring. Slik integrering må og skje i høve andre skular, heiter det i saksutgreiinga.

Vedtaket i fylkestinget er gjort med 34 (11 H, 13 Frp, 5 KrF, 1 Pensj., 2 Sp, 2 V) mot 23 (13 Ap, 6 SV, 2 RV, 2 Sp) røyster.
Mindretalet i fylkestinget støtta eit forslag frå Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse om at Kyrre skole skal drivast vidare som i dag . Men også mindretalet gjekk inn for at Kyrre skole skal organisert som ei avdeling under Bjørgvin vidaregeående skole.

Målsetjing og evaluering
I fylkestinget sitt vedtak heiter det:
«Målsettingane for Kyrre skole skal vere å
· redusera fråfallet av ungdom frå vidaregåande skule
· få elevar med psykiske problem integrert i kvardagssamfunnet, herunder ordinær vidaregåande skule, arbeid og/eller utdanning
· gje elevar med psykiske problem vitnemål.

Evaluering av målsetjingar og organisatorisk tilknyting skal leggjast til grunn for rapport om Kyrre skole til fylkestinget i juni 2006.

Stanley Hauge

08.06.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart