Ansvaret for inntaket ved Valekrossen skule vert overført til Opplæringsavdelinga. Det skal utarbeidast nærare kriterium for inntaket, har fylkestinget til.
Fylkestinget har vedteke at fylkeskommunen skal starta samtalar med Helse Fonna, DPS-ar, kommunar, A-etat, trygde- og sosialkontor om finansieringa av tilbodet ved Valekrossen skule. Målsetjinga er ei delt finansieringsløysing for skulen.
I vedtaket vert det presisert at Valekrossen skule, med fylkeskommunal finansiering, skal gje tilbod til elevar med lovmessig rett til opplæring og då særleg gruppa 16 – 25 år.
Vedtaket i fylkestinget er gjort med 34 (11 H, 13 Frp, 5 KrF, 2 V, 2 Sp, 1 Pensj.) mot 22 (12 Ap, 6 SV, 2 RV, 2 Sp) røyster.
Mindretalet i fylkestinget støtta forslag frå Arbeiderpartiet om at undervisningstilbodet ved desse skulane er ei opplæringsoppgåve som skal liggja under fylkeskommunen. Fylkestinget finn det ikkje rett at ulik tolking av lover og forskrifter skal ramma elevane med spesielle opplæringsbehov, heiter det i dette forslaget.
Stanley Hauge