Hordaland fylkeskommune og FN engasjert i pilotprosjekt i Zambia

Hordaland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og UNESCO, FNs organisasjon for utdanning, har engasjert seg i eit pilotprosjekt i Zambia. Målet er at elevar i den vidaregåande skulen skal lære å skape eigne verksemder. I dagane 23. til 27. mai er representantar frå UNESCO og frå utdanningsstyringsmaktene i Zambia, i Bergen for å planleggje prosjektet.

 

Zambia har svært stor arbeidsløyse, og det er ikkje lett for elevar å få seg arbeid etter vidaregåande skule. Mbala high school ønskjer å setje i gang eit tilbod om å gje elevane opplæring i å starte eiga verksemd.

 

Kontakten med Noreg vart oppretta mellom anna etter at lærar Annbjørg Kolltveit ved Sotra vidaregåande skule var i det afrikanske landet på ferie. Dette førte til eit samarbeid mellom Sotra vidaregåande skule og Mbala High School. I tillegg til Sotra vidaregåande skule er og Eid vidaregåande skule i Sogn og Fjordane med i samarbeidet. Dei to siste åra har pengane samla inn under Operasjon dagsverk ved dei to skulane har gått til hjelpetiltak ved Mbala High School. I fjor var representantar frå skulen i Hordaland og i Sogn og Fjordane og såg mellom anna på korleis Sotra vidaregåande skule organiserer opplæring i entreprenørskap. Mbala high school ønskjer å prøve ut eit tilbod etter norsk modell, men tilpassa tilhøva i landet.

 

I veka 23. til 27. mai skal eit pilotprosjekt ved skulen i Zambia planleggast. Planlegginga, eller forstudien, er finansiert av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar. Med på planlegginga blir representantar frå Mbala high school, Undervisingsdepartementet i Lusaka, Zambia, Opplæringsavdelinga i regionen Norther Province of Zambia og ein programspesialist på utdanning frå UNESCO i Paris.

 

På møta i Bergen deltek mellom anna opplæringsdirektørane i dei to fylka, Svein-Erik Fjeld og Hans Peder Vibe, politiske representantar i dei to fylka, og representantar frå fylkesmennene i dei to fylka, samt representantar frå Sotra vidaregåande skule, og Eid vidaregåande skule.

 

UNESCO engasjerer seg i prosjektet av interesse for temaet entreprenørskapsundervisning og fordi dei meiner det er eit unikt prosjekt med stor overføringsverdi til andre skular om det lukkast. Dei skal bidra med fagleg kompetanse.

 

Planen er at Mbala high school skal bli ein pilotskule. Pilotprosjektet skal setjast i gang i 2006 og vare eitt år. Etter dette er håpet at andre skular i Zambia kan starte liknande undervising og opplæring i å starte eiga verksemd.

 

Kontaktperson: Rådgjevar Hanne Riese, internasjonalt arbeid i Hordaland fylkeskommune, telefon 926 32 863
07.06.2005 12:36
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart