Helse Bergen må ta opplæringsansvar

Spesialpedagogiske tenester ved Ulriken skolesenter er i all hovudsak eit ansvar for Helse Bergen, meiner Hordaland fylkesting. Grenseoppgangen mellom opplæringslova og andre lover kan vera uklår, og fylkestinget har på denne bakgrunn vedteke at fylkeskom


Vedtaket vart gjort med 34 (11 H, 13 Frp, 5 KrF, 2 V, 2 Sp, 1 Pensj.) mot 22 (12 Ap, 6 SV, 2 RV, 2 Sp) røyster.

Dersom forhandlingane ikkje fører fram til eit omforent resultat skal sak om den vidare verksemda ved Ulriken skolsenter avd. Vestlund leggjast fram på nytt, med tanke på gradvis overføring til andre fylkeskommunale verksemder frå 1. januar 2006. Dette gjeld i alt 6,8 stillingar. Personellmessige tiltak skal vera i tråd med hovudavtalen og gjeldande praksis.

Det må i samband med dette avklårast med dei aktuelle departementa korleis tilhøvet mellom opplæringslova og spesialhelselova skal tolkast.
(Vedteke med 32 (11 H, 13 Frp, 5 KrF, 2 Sp, 1 Pensj.) mot 24 (12 Ap, 6 SV, 2 RV, 2V, 2 Sp) røyster.)

Innsparingspotensialet på 3 mill. kroner vert teke ut av budsjettet for 2006. (Vedteke med 32 (11 H, 13 Frp, 5 KrF, 2 Sp, 1 Pensj.) mot 24 (12 Ap, 6 SV, 2 RV, 2V, 2 Sp) røyster.)

Mindretalet i fylkestinget støtta forslag frå Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse om at undervisningstilbodet ved Ulriken skolesenter avd. Vestlund er ei opplæringsoppgåve som skal liggja under fylkeskommunen. Fylkestinget ønskjer ikkje at tilboda skal svekkast grunna ulik tolking av lover og forskrifter, heitte det i dette forslaget som ikkje vart vedteke. Dei 22 som røysta for det var 12 Ap, 6 SV, 2 RV og 2 Sp.

Venstre hadde eit eige forslag som fekk partiet sine to røyster, og støtta deretter subsidiert dei fleste punkta i forslaget som vart vedtekne.

Stanley Hauge

08.06.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart