Fylkestinget skal haldast på Quality Hotel & Resort Vøringfoss, og det er første gong fylkestinget er samla i Eidfjord. Tinget startar tysdag 7. juni kl. 09.00 og held fram same stad onsdag 8. juni.
Køyreplan for fylkestinget
Saker til handsaming
Årsmelding og rekneskap
Hordaland fylkeskommune hadde i 2004 eit overskot på 11,6 mill. kr. Årsmelding og rekneskap skal handsamast, og det same skal sak om bruk av overskotet. Økonomirapporten for dei første fire månadene for 2005 står også på sakslista. Rapporten syner godt samsvar mellom rekneskap og budsjett. Ei sak om budsjettendringar for 2005 kjem også opp.
Prosjekt handlefridom
Ei rekkje saker i prosjekt handlefridom skal avgjerast. Dei fleste av dei er knytte til den vidaregåande skulen. Men også sak om vaktmeister- og reinhaldstenesta og effektivitet i fylkesadministrasjonen skal handsamast.
Samferdselssaker
Innan samferdsel er det sak om utviding av prosjektet på E134 Rullestadjuvet og organisering av bompengeselskap. Det sistnemnde er ei sak som fylkestinget skal handsama før ho vert sendt ut på høyring til kommunar m.fl.
Vestlandsutgreiing
Utgreiinga om oppretting av ein eventuell Vestlandsregion kjem opp til handsaming før utgreiinga frå styringsgruppa skal sendast ut på høyring. Utgreiinga er utforma av ei styringsgruppe som har bestått av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane sine medlemmer i Vestlandsrådet.
Utgreiinga vurderer to alternativ for vidare utvikling av det regionale nivået på Vestlandet:
· utvida samarbeid mellom fylkeskommunane på Vestlandet
· å skipe ein vestlandsregion
Hovudvekta er lagt på å danne ein vestlandsregion.

Stanley Hauge