Folkefest under tørrfiskfestivalen

Det er folkefest i Bergen denne helga under den første internasjonale tørrfiskfestivalen. Tørrfisk er i ferd med å bli ein populær trendmat, og ein stor internasjonal delegasjon er i Bergen under festivaldagane.

Historisk rolle
Den internasjonale tørrfiskfestivalen har utgangspunkt i den historiske rolla Nord-Noreg har som produsent og leverandør, og rolla Bergen har hatt som eksporthamn. ”Stoccafisso 2005” er i hovudsak ein festival som har til mål å fremje næringsutvikling innan tørrfisknæringa og reiselivet, gje nye matopplevingar, og auke innsikta i den kulturhistoriske verdien tørrfisken har i Noreg og utlandet.

Ettertrakta eksportvare
- Vi vil gjere folk medvitne om tørrfisken si historiske rolle i Bergen, og kor viktig tørrfisknæringa har vore for landsdelen i nord. Tørrfisken er ei ettertrakta eksportvare. Det blir difor viktig å framheve korleis ein kan samarbeide både nasjonalt og internasjonalt med utgangspunkt i vår felles råvare, seier prosjektleiar for festivalen Kjetil Natvik.

Kaste glans
Festivalen illustrerer varierte bruksområde for tørrfisken i norsk og internasjonal gastronomi, og kva spanande smaksopplevingar dette gir. I den italienske byen Genova tilverkar dei truleg flest tørrfiskrettar i verda. Genova er difor ein sentral samarbeidspartnar under Stoccafisso 2005, og italienske kokkar er i Bergen for å kaste glans over festivalen. Festivalen medverkar og til fremjing av reiselivet i ”det atlantiske Noreg” og Italia.

Motivere nordmenn
Samanlikna med eksportland som Italia og Nigeria, der tørrfisk er blitt ein daglegdags ingrediens, finn ein ikkje så ofte tørrfisk i norske matrettar. Tørrfiskfestivalen er med på å motivere nordmenn til å bruke den næringsrike råvara i større grad i tida som kjem.

Forankring
Festivalen er forankra i Hordaland fylkeskommune i nært samarbeid med Bergen kommune. Andre samarbeidspartnarar er Nordland fylkeskommune, Finnmark fylkeskommune, Røst kommune, Hasvik kommune, Tørrfiskforum, Innovasjon Norge, Eksportutvalet for fisk, Bergen Næringsråd, RBL, NHO, Stiftelsen Bryggen og ”Torgdagen i Bergen”. Sist, men ikkje minst, er fylket Liguria i Italia, med byen Genova i spissen, med på gje festivalen eit internasjonalt preg.

Heimesida til tørrfiskfestivalen

Bjarte Brask Eriksen

11.06.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart