Den beste elektrikaren i verda

Bjarte Hoff (22) frå Strandebarm er kåra til den beste elektrikaren i verda. Han gjekk heilt til topps i World Skills (Yrkes-OL) i Finland. Gullmedaljen vart sikra etter ein imponerande sluttspurt.

Fagopplæringssjef i Hordaland fylkeskommune, Ole G. Fredheim og opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld gratulerer Bjarte Hoff og bedrifta der han hadde læretida, Maritim Elektro AS i Omarstrand, så mykje med resultatet, og er av den meining at dette viser at kvaliteten vår på opplæring er mellom dei beste i verda.

Bjarte Hoff har utdanning i elektrofag ved Norheimsund vidaregåande skule. Frå august 2001 til februar 2004 hadde han lærekontrakt i elektrikarfaget gjennom Opplæringskontoret for elektro- og automasjonsfaga i Sunnhordland (ELAS) og gjekk læretida hos Maritim Elektro AS i Omarstrand i Kvam kommune. han gjennomførte fagprøva med karakteren Bestått Meget Godt, 15. januar 2004.

Bjarte Hoff var ein av 20 deltakarar frå Noreg i konkurransen i Helsingfors i Finland. Han konkurrerte mot deltakarar frå 24 land, og gjekk til topps som den beste elektrikaren i aldersgruppa 19 til 23 år. Hoff peika seg tidleg ut som medaljehåp. Han klarte å kombinere tempo med å vere nøyaktig og ha høg fagleg kompetanse i faget sitt.

I konkurransen laga Bjarte Hoff ein kontorinstallasjon med kanalar, sikringsskap og styringssystem for lys. Ei industrioppgåve inneheldt styring av motor og automatikk. I ein modul for feilsøking fekk han ein time på seg til å finne feilane i eit ukjent anlegg. Ei anna oppgåve var programmering av kontrollstyring på eit ukjent anlegg i løpet av ein time. Hoff løyste oppgåva på 12 minutt, mens de fleste ikkje greidde å løyse den.

– Bjarte var utruleg innstilt på å vinne, konsentrert og ikkje lett å vippe av pinnen. Han var like kald og roleg heilt til fullført oppgåve fem minutt før tida. Det var i år eit mykje høgare nivå enn tidlegare år, seier den norske eksperten og dommaren Agnar Holen.

- No skal det bli godt å kome heim og slappe av med eit par eksamenar, seier den glade gullmedaljevinnaren, som for tida bur i Horten og studerer ved Høgskolen i Vestfold.

Les om den beste elektrikaren i verda på sidene til NHO

Sjå og sidene til NELFO

Bjarte Brask Eriksen

09.06.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart