Budsjettjusteringar for 2005: Meir til fylkesvegar og opplæring

Hordaland fylkesting har løyvd 7 mill. kr meir til investeringar i fylkesvegar for 2005. Til bru forbi rasstaden på fylkesvegen til Djønno i Ullensvang vert det løyvd 4 mill. kr. 3 mill. kr skal nyttast til å gjera ferdig opprustinga av dei tre hengebruen


Fylkestinget har også vedteke tilleggsløyvingar på vel 9 mill. kr til drifta i opplæringssektoren og 10 mill. kr til investeringar i same sektor. 4,55 mill. kr gjeld drifta av Bjørkåsen videregående skole som fylkeskommunen overtek frå staten 1. august i år. Bjørkåsen vgs. vert knytt opp mot Slåtthaug videregående skole.

Integrering av skulane Bjørkåsen og Slåtthaug vil krevja noko opprustingsarbeid for å oppnå fleksibel bruk av dei to skuleanlegga. Fylkestinget har godkjennt at det vert sett i gang arbeid med installasjon av ventilasjonsanlegg og nødvendig opprustingsarbeid ved den tidlegare internatbygningen for Bjørkåsen videregående skole innanfor ei kostnadsramme på 10 mill. kr. Lokala skal nyttast til kontor for lærarane ved den samanslegne skulen.

Fylkestinget har også gjeve tilleggsløyving på vel 4,5 mill. kr til å dekka kostnader med nye klassar som er oppretta.
Som tilleggsløyving til ungdommens fylkesting er det løyvd 30 000 kr.

Tilleggsløyvingane vert dekka ved innsparingar på årets budsjett, statstilskot og inntekter frå sal av eigedomar. Dei 8,6 mill. kr som var sett av til å dekka underskot frå 2002 kan nyttast til andre føremål sidan heile underskotet frå 2002 vart dekka i 2004. 5,5 mill. kr av denne summen går til investeringar og 3,1 mill. kr til opplæringssektoren.
Mette Holmefjord Olsen (SV) føreslo at heile summen på 8,6 mill. kr skulle gå til opplæringssektoren med 5,5 mill. kr til styrking av tilpassa opplæring. Forslaget fekk åtte røsyter (SV og RV) og fall.
Inntekter frå sal av eigedomar skal dekka 11,5 mill. kr av investeringane.

Fylkesvegen Djønno – Tjoflot
I vinter gjekk det eit ras på fylkesvegen til Djønno i Hardanger som m.a. tok med seg ei bru. Vegvesenet har laga ei mellombels bruløysing som er plassert på dei gamle brufundamenta. Denne plasseringa vil vera utsett dersom det kjem nye ras til vinteren. Det er utarbeidd ein plan for ei ny bru som er lagt lenger ut og som skal vere sikker ved eventuelle nye ras. Den nye brua er kostnadsrekna til 4 mill. kr. Regionvegsjefen ser det som svært ønskeleg å få den nye brua på plass før vinteren.

Stanley Hauge

08.06.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart