Utdeling av kunstnarstipend for 2005

Hordaland fylkeskommune har til rådvelde fem kunstnarstipend. Kvart stipend er på 25.000 kroner. Søknadsfrist er 1. mai, og politisk handsaming er i juni. Det kom inn i alt 103 søknader om kunstnarstipend for 2005.

Kultur- og ressursutvalet vedtok samrøystes på møte 14. juni at følgjande fem kunstnarar får Hordaland fylkeskommune sitt kunstnarstipend for 2005:

Kunsthandverk: Hilde Danielsen, Bergen

Biletkunst: Christine Hansen, Bergen

Biletkunst: Ellen Karolina Jacobsson, Bergen

Musikk/song: Rune Hauge, Bergen

Forfattar: Atle Hansen, Stord

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg delte ut blomar og stipend på ei samkome i fylkeshuset 5. juli.


Frå venstre:
Kontorsjef/nestleiar ved kultur og idrettsavdelinga Ronny B. Skaar, Ellen Karolina Jacobsson, Hilde Danielsen, Atle Hansen, Rune Hauge, og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. Christine Hansen var ikkje til stades. (foto: Synnøve Gjermundnes).


Sjå saka i kultur- og ressursutvalet, med oversyn over tildelingar 1995-2004,  søkjarar 2005 og vedtak i saka

Hordaland fylkeskommune - tilskotsordningar kultur

På Kunstnett Hordaland -  ein del av Kulturnett Hordaland – finst det inngangar til stoff om mange kunstnarar, kulturinstitusjonar, kunstprosjekt m.m. – med informasjon om bilete og skulptur, dans og film, kunsthandverk, litteratur, musikk og teater.  

Eli Lothe 06.07.2005 13:54
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart