Til Andøya for å byggje romrakett

- Dette ser eg verkeleg fram til, seier Erik Wangen Alsaker (17). Han er ein av 24 ungdommar frå heile verda som skal delta i den årlege Space Camp på Andøya i månadsskiftet juli/august. Erik skal mellom anna delta i bygginga av ein romrakett som skal sky


Erik er nett ferdig med 2. klasse på Sandsli videregående skole. I alt er 12 jenter og 12 gutar mellom 17 og 20 år frå heile verda plukka ut til å delta på Space Camp. Hordaland fylkeskommune har gjeve stipend, slik at to elevar frå fylket kan delta.
- Stipendet er ei oppmuntring for å styrke realfaga i skulen, opplyser Birthe Haugen ved Opplæringsavdelinga.

8000 i stipend
- Det var tilfeldig at eg vart med, fortel Erik. Han hadde sett utlysinga på skulen, men reflekterte ikkje over den, før han møtte fysikklæraren i gangen med ein bunke papir om Space Camp.
- Han spurde om eg ville melde meg på. Eg såg på det og vart interessert. Så søkte eg det fylkeskommunale stipendet og fekk det.
Det fylkeskommunale stipendet er på 8000 kroner og dekkjer heile opphaldet på Andøya. Reisa må dei betale sjølve.

Rakettutskytingsfelt
No gler Erik seg til å reise nordover.
- Leiren varar i ni dagar frå 27. juli til 4. august. Vi skal bu på Andøya rakettutskytingsfelt. Hovudoppgåva vår blir å konstruere ein romrakett som vi skal skyte opp den nest siste dagen vår der. Det kjem førelesarar frå den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA og den europeiske ESA.

Romfartsekspertar frå NASA
I tillegg til romraketten, skal ungdommane vere med på slepp av ein vêrballong. Dessutan skal dei skyte opp nokre modellrakettar.
- Eg har aldri vore så langt nord før. Det blir kjekt å treffe nye folk og møte romfartsekspertar frå NASA og ASA. Eg har høyrd at det er svært godt miljø på desse leirane. den første fann stad for 10 år sidan, så det er jubileum i år. Men vi skal ikkje berre drive med rakettar. Vi skal og på kvalsafari og gjere andre sosiale aktivitetar, seier Erik

Elektromotor til modellfly
Erik har spesiell interesse for fysikk. I ei prosjektoppgåve på skulen har han både skrive og laga ein børstelaus elektromotor som han har installert i eit modellfly
Ein annan elev frå Hordaland skal og delta på Space Camp: Elisabeth H.F. Jordahl som går på Knarvik vidaregåande skule. Ho kunne ikkje vere til stades under intervjuet

Styrke realfag
Målfrid Hatteland ved opplæringsavdelinga seier at dei bruker pengar på elevstipend til Space Camp som ein del av satsinga til Utdanningsdepartementet "Realfag, naturligvis".
- Strategien er å styrke kompetansen i realfag hos elevar og lærarar og hos leiarar og arbeidstakarar i arbeidslivet og hos folk flest. Vi ønskjer å betre motivasjonen hos elevane og lærarane for realfag og auke rekruttering til utdanning i realfag. Vi vil få frem nytteverdien av realfaga for vidare utvikling av velferdssamfunnet og skape meir positive haldningar til realfag hos folk flest, seier Hatteland.

Meir informasjon om Space Camp på deira eigne sider

Bjarte Brask Eriksen 18.07.2005 09:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart