Som ein lekk i moderniseringa av beredskapsordningane innan samferdselssektoren har Samferdselsdepartementet avgjort at den sivile transportberedskapsorganisasjonen (TBO) skal leggjast ned Det vart vedteke i statsråd 17. juni 2005. Denne organisasjonen vart oppretta i 1952, med sikte på at den skulle vere ansvarleg for den sivile transporttenesta i tilfelle ”krig, beordra beredskap eller mobilisering”. Men organisasjonen har vore lite eigna som kriseorganisasjon ved uønska hendingar i fred. Framtidig trusselbilete TBO vart oppretta i ei tid då krigstrusselen vart oppfatta som større og annleis enn i dag. Det er difor naudsynt at beredskapsarbeidet innanfor transportsektoren i framtida får ei organisering og arbeidsmetodar som er meir innretta mot noverande og framtidig trusselbilete. |  Hordaland feirar overtakinga av det statlege ansvaret med kake: Samferdselssjef Magnus Vestrheim, beredskapsrådgjevar Åge Sellevåg og fylkesrådmann Paul M. Nilsen.(foto: Bjarte Brask Eriksen)
|
TBO blir erstatta med ein meir fleksibel struktur for transportberedskap. Den nye strukturen for transportberedskap skal framleis byggje på gjeldande ansvarsforhold og den organisasjon som Samferdselsdepartementet, fylkeskommunane og tilknytta operatørar (transportørar, speditørar og bilverkstader og liknande) til ei kvar tid har.
Samferdselsdepartementet har den 14. juni 2005 fastsett ”Forskrift for sivil transportberedskap”. Forskrifta trer i kraft 1. juli 2005.
Større kriser i fred
Den nye transportberedskapsstrukturen er samansett av Samferdselsdepartementet med eit eige rådgjevande transportberedskapsforum og fylkeskommunane med utpeikte transportselskap og verkstader. Samferdselsdepartementet og fylkeskommunane skal no og leggje til rette for at det er ein transportberedskap også ved større kriser i fred.
I følgje den nye forskrifta skal fylkeskommunane – i tråd med regelverket i dag – ha ansvar for å sikre og leggje til rette for at det i det einskilde fylke er ein naudsynt og regionalt tilpassa transportberedskap. For å sikre ein best mogeleg samordna sivil transportberedskap skal fylkeskommunen samarbeide med fylkesmann, politiet, transportnæringa, dei statlege forvaltningsorgana Statens vegvesen og Jernbaneverket og andre sivile eller militære styresmakter.
Transportbehov
I den nye forskriften heiter det at fylkeskommunen skal:
” a) Avklare fylkets transportberedskapsbehov ved å avdekke hvilke
kriser som kan utløse transportbehov, hvilke typer tranportbehov
det dreier seg om og hvordan organiseringen gjøres mest
hensiktsmessig. Avklaring basert på risiko- og sårbarhets –
analyse (ROS-analyse) etter nærmere retningslinjer gitt av
Samferdselsdepartementet anses tilstrekkelig.
b) Utpeke og føre oversikt over løyvehavere, andre som eier eller
bruker motorvogner for gods- eller persontransport eller målepliktige fartøy og verksteder, herunder deres personell og transportmateriell, som kan ha en særskilt rolle innen den sivile transportberedskapen.
c) Årlig avholde kontaktmøter med aktører som nevnt i bokstav b)
og andre samarbeidsparter.
d) Delta i beredskapsøvelser etter anmodning fra departement,
fylkesmann, politiet eller Forsvaret.
e) Orientere Samferdselsdepartementet om eventuelle avtaler som
er inngått med aktører som nevnt i bokstav b) for planlegging og utførelse av beredskapsoppdrag”.
Ikkje førstelinjeinstans
Fylkeskommunen skal ikkje vere førstelinjeinstans ved kriser. Politiet har ved slike tilfelle det operative ansvaret. Fylkeskommunen skal på oppmodning frå fylkesmann, politiet, forsvaret eller andre beredskapsstyresmakter bidra med transportfaglege råd, basert på sin transportkunnskap, samt på oppmodning formidle kontakt med operatørar og verkstader. I formidlingskravet ligg at fylkeskommunen ikkje sjølv skal ha ein aktiv rolle innanfor transportplanlegginga, men ved behov knytte ulike aktørar saman, og tilvise dei til rette vedkommande eller styresmakt.
Pilotprosjekt
Som eit pilotprosjekt har Samferdselsdepartementet gjeve Hordaland fylkeskommune i oppdrag å gjennomføra risiko- og sårbarheitsanalyse innan transportberedskapen her i fylket. Dette arbeidet starta opp i januar 2005 og skal vere sluttført medio oktober 2005.