Ny rekord for Nordhordlandsbrua

Nordhordlandsbrua sette ny rekord i trafikken i juni. I alt passerte 336.729 køyretøy over brua. Det utgjer eit gjennomsnitt på 11.224 køyretøy i døgnet. Dette er den første månaden med over 11.000 køyretøy pr. døgn i snitt.


Auken i trafikken i juni er på fem prosent i høve til same månad i fjor. I første halvår i år er trafikkauken 4,8 prosent. Sidan brua opna for trafikk i september 1994 har nesten 31,5 millionar køyretøy passert over brua.

Det minkar på lånegjelda til Nordhordlandsbrua. 30. juni vart eit lån på 120 millionar kroner innfridd, og det vart teke opp eit nytt lån i Kommunekreditt på 55 millionar kroner som no er restgjelda. Lånet har ei rente på 2 % p.a og fell til betaling 30. november 2005.

I tillegg til lånegjelda må ein krevja inn bompengar til tilbakebetaling av klippekort og til fjerning av bomstasjonen på Flatøy.

Bjarte Brask Eriksen 11.07.2005 13:36
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart