Ny fylkesbyggesjef i Hordaland

- Eg har sett fram til denne jobben. Den har mange nye utfordringar, seier den nye fylkesbyggesjefen i Hordaland, Helge Haavardtun. Han tok til i den nye jobben 1. juli. Haavardtun er sivilingeniør, 59 år og kjem frå leiarjobb i det rådgjevande ingeniørfi


Harald Lyssand (t.v.) er blitt 65 år og har takka av som fylkesbyggesjef. Ny fylkesbyggesjef er Helge Haavardtun.

Dagleg leiar gjennom mange år
Helge Haavardtun har leiarerfaring gjennom mange år, mellom anna i Opticonsult, Bergen 2000-2005, Spenncon AS, Hønefoss 1993-2000, Spenncon AS, Bergen 1981-1984 og K-71 Industrier AS, Bergen 1981-1984.
- I det offentlege er det annan avgjerdsprosess enn i det private næringslivet, så eg må lære å innordne meg. Jobben min som fylkesbyggesjef blir først og fremst ein administrativ jobb. Eg skal leie og ha ansvar, men i den grad eg får tid, skal eg følgje byggeprosessane. Eg vil likevel ikkje gå for djupt inn i dei, for då kan eg lett bli slukt, seier Haavardtun.

Ny stor byggeprosess
Helge Haavardtun ser fram til den neste store byggeprosessen i Hordaland: Å realisere den nye vidaregåande skulen sør i Bergen, Sørås videregående skole, som skal stå klar til skulestart om tre år.

Snart pensjonist
Avtroppande fylkesbyggesjef Harald Lyssand (65) har gått over i ny stilling som seniorarkitekt/rådgjevar for den nye fylkesbyggesjefen, ei stilling Lyssand skal ha til 1. januar neste år.

Bjarte Brask Eriksen 04.07.2005 11:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart