Nærøyfjorden vart torsdag 14. juli vedteke oppført på verdsarvlista til UNESCO. Frå før har Noreg mellom anna Bryggen i Bergen på denne lista. Vedtaket er gjort på UNESCO-konferansen i Durban i Sør-Afrika.

Nærøyfjorden (Foto: Fjord Norge)
- Vi gler oss over vedtaket, seier strategi- og utviklingsdirektør i Hordaland fylkeskommune, Jan Per Styve.
I tillegg til Nærøyfjorden har Geirangerfjorden og hamna på UNESCO-lista. Dei to fjordane skal representere norske fjordlandskap på verdsarvlista. Dette er første gongen norske naturområde får slik representasjon.
Miljøvernminister Knut Arild Hareide påpeikar at oppføringa inneber at Noreg påtek seg eit stort ansvar for å sikre dei to fjordane.
- Vedtaket er ei stor vedkjenning til alle som gjennom generasjonar har sett verdien av å ta vare eitt av dei absolutt mest inntrykkssterke landskap i verda for etterslekta, seier miljøvernministeren i ei pressemelding.
Direktoratet for naturforvaltning har drive fram dei to norske kandidatane før verdsarvkomiteen møttast i Sør-Afrika.
Andre berømte naturområde på lista til UNESCO er Viktoriafalla i det sørlege Afrika og Grand Canyon i USA.
Les kva andre skriv om saka:
Bergens Tidende
Bergensavisen
NRK