Japansk delegasjon på visitt i fylkeskommunen

”Kojima” er eit moderne japansk skuleskip som tilhøyrer den japanske kystvakta. Dei er på tokt og vitjar Bergen 3.-8. juli samband med at det er 100 år sidan Japan oppretta diplomatisk samband med Noreg.

Måndag 4. juli tok fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i mot ein japansk delegasjon med offiserar og hovudlærar frå ”Kojima”, førstesekretær Kiyoshi Murata frå den japanske ambassaden i Oslo, generalkonsul for Japan i Bergen Jacob Irgens, assisterande operasjonsoffiser Haakonsvern Orlogsstasjon Peter Alexander Pettersen og tolk Benedicte Irgens.


- Vi hadde ein interessant samtale, seier Torill Selsvold Nyborg. Ho orienterte delegasjonen om Hordaland, og vart informert om skuleskipet som er på eit 97-dagars treningstokt.

Frå venstre: Hovudlærar Soji Ishikawa, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, fylkesrådmann Paul M. Nilsen og kaptein Yoshihiro Umeda. (foto: Synnøve Gjermundnes) 









I samband med visitten var det gåveutveksling. Her får hovudlærar Soji Ishikawa overrekt ei bok om dei norske fjordane. (foto: Synnøve Gjermundnes)



Japan var eitt av dei første landa som oppretta diplomatisk samband med Noreg i 1905.

Les meir om japansk-norske kontaktar på nettsidene til den japanske ambassaden.  



Eli Lothe 04.07.2005 14:12
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart