
Avtroppande rektorar vart takka for god innsats gjennom mange år: John Ivar Solvik ved Askøy vidaregåande skule (f.v.), Gunda Falao Sparre ved Bjørgvin videregående skole, Signe Haaland Utne ved Bergen katedralskole, Terese J. Brudvik ved Lønborg videregående skole og opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld.
Storhending
Under ei tilstelling i fylkeshuset markerte opplæringsdirektøren storhendinga. Fjeld takka dei avtroppande rektorane for god jobb gjennom mange år og overrekte blomster.
- Eg har sett stor pris på det gode samarbeidet og har aldri hatt noko å utsetje. Innsatsen dykkar har vore formidabel. Eg har berre gode minne, sa opplæringsdirektøren.
Ikkje tilfeldig
Fjeld meinte at det ikkje er tilfeldig med så stor utskifting av rektorar akkurat no. Skulen har nemleg vore gjennom fleire store reformer, og ei ny og større står for tur, Kunnskapsløftet, der tilpassa opplæring til den enkelte elev skal stå sentralt.
- Vi har strevd oss gjennom Reform-94 og har flytta mange milesteinar. Det blir komplisert å gjennomføre den nye reforma, men graset er tørrare enn før. Vi har meir kunnskap, og vi har meir pengar denne gongen. Vi skal følgje reforma opp, men endringane må skje innanfrå skulane. Eg gler meg til å samarbeide med våre nye rektorar, sa Fjeld og ønskte dei nye velkomne og overrekte blomster.
Ny, stor reform
Avtroppande rektor ved Askøy vidaregåande skule, John Ivar Solvik, tok hansken opp og vedgjekk at den nye, store reforma er årsaka til at han går av.
- Det er betre at ein ny rektor overtek jobben enn at eg skal gjennomføre nok ei reform. Eg overlet jobben med glede til min etterfølgjar. Det har slege meg at skulen har vore gjennom ei heilt utruleg utvikling. Det er ei enorm historie vi avtroppande rektorar tek med oss. Ingenting har kome rekande på ei fjøl. Utfordringane har stått i kø. Det er berre å sjå dei og ta dei. Åra mine i skulen har vore spennande. Det har vore ei glede for meg å gå på jobb kvar dag, sa Solvik som har vore i skulen like sidan 1968.

Dei nye rektorane vart ønskt velkomne: Kirsten Stormark ved Bjørgvin videregående skole (f.v.), Hans Peder Vibe ved Bergen katedralskole, Åge Rossnes ved Olsvikåsen videregående skole, Helene Systad ved Lønborg videregående skole, Jostein Torvik ved Sandsli videregående skole, Lillian Østensen ved Askøy vidaregåande skule og opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld.
Skal yte service
Fylkesrådmann Paul M. Nilsen helsa rektorane.
- Vi skal bygge to nye vidaregåande skular. Vi har fått orden på økonomien igjen. No er vi på eit betre spor. Vi skal yte den service og tenester som skulen skal ha, sa fylkesrådmannen og overrekte fylkeskommunal gåve til dei avtroppande rektorane.
40 gode år
Terese J. Brudvik, rektor ved Lønborg videregående skole, har arbeidt 40 år i fylkeskommunen og 25 år som rektor.
- Desse 40 åra har stort sett vore gode år. Eg har teke leiaropplæring. Det var enormt gjevande. Eg kunne ikkje tenkt meg å vere rektor utan den. Eg har vore glad for å vere i jobb, og det er med glede eg går ut av den no, sa Brudvik.
På pulsen
Gunda Falao Sparre, rektor ved Bjørgvin videregående skole sa at ho kom tilbake til skulen for 10 år sidan.
- Eg har hatt fine år. Vi følgjer ungdomen på pulsen og ser korleis tida er i utvikling, men vi får og sjå skuggesidene, sa Falao Sparre.
Noko av verdi
Signe Haaland Utne, rektor ved Bergen katedralskole var 19 år første gongen ho var lærar i skulen.
- Eg har hatt 37 gode år i den norske skulen og møtt mange hyggjelege menneske. Det er stort å nå ut til elevane og ha vore medmenneske og gjeve dei noko av verdi, sa Haaland Utne.
Den femte av dei avtroppande rektorane, Ivar Schjetne, ved Sandsli videregående skole, var vekkreist og kunne ikkje delta.
Dei nye rektorane er: Hans Peder Vibe ved Bergen katedralskole, Helene Systad ved Lønborg videregående skole, Lillian Østensen ved Askøy vidaregåande skule, Jostein Torvik ved Sandsli videregående skole, Kristen Stormark ved Bjørgvin videregående skole, og Åge Rosnes ved den nye Olsvikåsen videregående skole, som skal opne om eitt år.